Mauro Ramos de Oliveira () var ein brasiliansk fotballspelar. Midtstopparen vart verdsmeister med Brasil sitt landslag i 1958 og 1962, og søramerikansk meister i 1949.
Karriere Klubbspel Ramos spelte for São Paulo FC frå 1948 til 1959, eit lag han vart delstatsmeister i São Paulo med fire gongar. Sidan var han aktiv for FC Santos åra 1960-66. Saman med mellom andre Pelé vann han den nasjonale meisterskapen fem år i rad, dessutan sigra laget i Copa Libertadores i 1962 og 1963. I 1966 flytta han utanlands og avslutta proff-tida si hos Deportivo Toluca i Mexico.
Landslagsspel Mauro Ramos spelte ikkje meir enn 23 landskampar, den fyrste i 1949 og den siste i 1965. Han deltok i verdsmeisterskapane 1954, 1958 og 1962. I 1962 var han lagkaptein for mannskapet som forsvarte VM-tittelen under meisterskapen i Chile.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mauro Ramos» frå , den 24. februar 2024.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar