André Claro Amaral Ventura ()Dados biográficos no site da Assembleia da República er ein portugisisk politikar, jurist, universitetslærar og tidlegare sportskommentator, som er grunnleggjar og leiar av det høgrepopulistiske partiet Chega.

Ventura var medlem av det sentrum-høgre Partido Social Democrata (PSD) fram til 2018, og var valkandidaten til partiet for å verta borgarmeister i Loures i 2017. Han grunnla det politiske partiet Chega i april 2019, og vart seks månader seinare vald inn i det portugisiske parlamentet ved valet i oktober 2019. I 2021 var han ein av valkandidatane ved presidentvalet i Portugal, og kom på tredjeplass med 11,9 % av røystene.

Bakgrunn Ventura er son til ein eigar av ein liten lokal sykkelbutikk, og ein kontorarbeidar. Han vart fødd i Algueirão, Sintra, ein forstad i Lisboa. Ventura vart ikkje oppdratt med ein religion for di foreldra hans ville at han skulle velja sin eigen. Då han var 14 år, vart han ein ivrig katolikk, og vart døypt og konfirmert. Han ville verta prest og gjekk på ein presteskule i Lisboa, men sa at han ikkje heldt fram for di han vart forelska. Han fullførte ein grad frå lovfakultet ved NOVA Universitetet i Lisboa, med ein karakter på 19 av 20.

I 2013 fullførte han doktorgraden sin i offentleg rett frå lovfakultet ved University College Cork i Irland, med ein stipend frå den portugisiske nasjonale vitskapsstiftinga. I avhandlinga si kritiserte han «kriminell populisme» og «stigmatisering av minoritetar» og var uroleg for «meir makt til politiet». I eit intervju i 2019 med Diário de Notícias som adresserte dei tilsynelatande motsetnadene mellom dei spurdagane som vart gjevne i doktorgradsprosjektet hans og dei seinare politiske synspunkta hans, sa Ventura at han «aldri har gjort ein skilnad mellom vitskap og meining» og kalla avhandlinga si ein«vitskapleg analyse, ikkje ideologisk postulat».

Han publiserte to romanar, Montenegro i 2008, og A Última Madrugada do Islão ('Den siste morgonen av islam') i 2009, begge med tydelege element av kvinneleg undergjeving og homoerotisme. I Montenegro vert ordet intifada nytta fire gonger: tre gonger som ein metafor for styrke og mot, og ein gong når det vert omtalt som den seksuelle penetrasjonen. Utgjevinga av A Última Madrugada do Islão, ei roman om døden til Yasir Arafat, vart avbrote av forlaget Chiado Editora, for «brannpotensialet», for referansane til Muhammed og leiarane til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen.

Karriere Ventura underviste ved Universidade Autónoma de Lisboa frå 2013 til 2019, og ved NOVA frå 2016 til 2018. Han var konsulent ved Caiado Guerreiro, eit framtredande portugisisk advokatbyrå, frå 2018 til 2019. Han hadde òg innlegg i Correio da Manhã, den mest lesne dagsavisa i landet og var fotballkommentator på fjernsynskanalen CMTV, frå 2014 til 2020. Han har òg vore jurist-konsulent for den portugisiske skatteetaten (AT), frå 2011 til 2014.

Den 9. april 2019 grunnla Ventrua det politiske partiet Chega, og tre dagar seinare vart han medlem av Basta!-koalisjonen for valet til Europaparlamentet i 2019. Dei var ikkje i stand til å velja ein parlamentsmedlem, og koalisjonen vart løyst opp den 30. juli 2019. Han kjempa i det portugisiske parlamentsvalet i 2019 som hovudkandidaten på valslista til partiet Chega for Lisboa; han var den fyrste og einaste medlemen av partiet som vart vald til parlamentet.

Medlem av parlamentet mini|Ventura i det portugisiske parlamentet.

André Ventura vart vald til medlem av det portugisiske parlamentet for valkrinsen Lisboa. Han hevdar å vera «røysta til folket» og ein «anti-systempolitikar». I september 2020 presenterte han eit forslag om å redusera talet på parlamentsete frå 230 til 100, som var grunnlovsstridig ifylgje Komiteen for konstitusjonelle saker, rettar, fridomar og garantiar. I januar 2020 føreslo han ein nedgang på 5 til 7,5 % i lønene til parlamentsmedlemene.

Han provoserte fram eit ramaskrik i parlamentet i januar 2020 då han føreslo at Joacine Katar Moreira, ein parlamentsmedlem fødd i Guinea Bissau som meinte museobjekt frå dei tidlegare koloniane i Portugal skulle verta returnerte, at ho måtte på ein liknande måte verta «returnert til sitt opphavsland». På landsmøtet til Chega-partiet i 2020 kom Ventura med eit framlegg der det vart kravt at eggstokkar skulle fjernast frå kvinner som tok abort. På grunn av protestar bad han seinare om at dette framlegget skulle leggjast til sides.

I november 2020 vart han bøtelagd over 400 euro for diskriminering mot sigøynarsamfunn. I desember, det same året var han nøydd til å betala 3 370 euro for etnisk diskriminering i form av trakassering. Ventura fortalde seinare at han ikkje ville betala bøtene: «for å avgrensa ytringsfridomen til ein borgar (...) og ein politisk leiar».

Presidentkampanje i 2021 mini|Ventura talar under på dagen ved presidentvalet i 2021. Februar 2020 kunngjorde Ventura i Portalegre at han stilte som presidentkandidat ved valet i 2021.

Den 18. desember 2020 gav Ventura 10 250 underskrifter frå tilhengjarane til godkjenning hjå den konstitusjonelle domstolen, som lova kravde for å formalisera kandidaturet hans til Belém palasset. Den 30. desember vart kandidaturet hans formelt akseptert av domstolen.

I byrjinga av valkampanjen, stadfesta leiaren av det franske partiet Rassemblement national, Marine Le Pen, at ho ville fara til Lisboa for å støtta presidentkandidaturet til Ventura.

Ventura kom på tredje plass med 11,9 % av røystene, bak Marcelo Rebelo de Sousa (60,7 %) og Ana Gomes (12,9 %).

Politisk ideologi mini|Den spanske partileiaren for Vox, Santiago Abascal, og Chega-leiaren André Ventura i Lisboa, 2021.

Ventura har uttrykt kontroversielle synspunkt i fortida, medan det meste av internasjonale media har referert til ideologien hans som sterkt høgre-orientert.

Ventura sine kommentarar om romanifolk er ofte skildra som rasistiske og xenofobiske. Ved å verta samanlikna negativt med Donald Trump og Jair Bolsonaro, svarte Ventura: «Eg er allereie veldig vant til det og det uroar meg ikkje. Dette er idéane eg trur på. I tillegg til livsvarig fengsel og kjemisk kastrering, forsvarer eg òg ein reduksjon av islamsk migrasjon, særleg frå land kjent for terrorisme».

Ventura støttar nokre rettar for homofile, men han trur at par av same kjønn skal vera i sivil partnarskap og ikkje ekteskap. Han er personleg imot abort, men vil ikkje at prosedyren skal verta kriminalisert. Han støttar legalisering og regulering av prostitusjon som ein måte å verna og integrera seksarbeidar på, og trur at den portugisiske politikken om avkriminalisering av narkotiske stoff aukar narkotikahandelen. Han er personleg imot tyrefekting, men motsvarar ei avskaffing no på grunn av den økonomiske rolla ho spelar inn i nokre byar.

Han har tala med ovundring for Mariano Rajoy, den konservative, tidlegare statsministeren i Spania. Ventura underteikna Carta de Madrid, eit dokument utarbeidd av det spanske partiet Vox som skildrar langt venstreorienterte grupper som fiendar til Iberoamerika som er involvert i eit «kriminelt prosjekt» som er «under paraplyen til det cubanske regimet». Den 24. februar 2022 suspenderte Twitterkontoen til Ventura permanent for å ha brote reglane for det sosiale nettverket i samband med «å ha spreia hat». Kort tid etter vart suspensjonen oppheva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «André Ventura» frå , den 2. mars 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Portugisiske politikarar