Tyra Bondevik Tønnessen () er ein norsk teaterregissør og dramatikar. Ho har ein doktorgrad i improvisasjon frå Statens Teaterhøgskole ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Kunstnarisk verksemd Tønnessen har regiutdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo, og debuterte som teaterregissør på Trøndelag Teater i 2001. Debutoppsetjinga var Mutter Courage av Bertolt Brecht. Ho har arbeidd ved dei fleste teatera i Noreg, deriblant ei rekkje gongar ved Nationaltheatret i Oslo. I 2004 regisserte ho teaterversjonen av romanen til Carl Frode Tiller Skråninga, som Tiller sjølv hadde dramatisert, og som hadde urpremiere på Det norske teatret. I 2005 blei ho nominert til Heddaprisen for regien på Skråninga.

Somrane 2005 og 2006 var Tønnessen instruktør for Spelet om Heilag Olav på Stiklestad.

Tønnessen har både skrive fleire eigne teater- og musikalframsyningar, og dramatisert andre forfattarar sine skjønnlitterære verk. Familiemusikalen Påfuglen er eit eksempel på arbeidet til Tønnessen som dramatikar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tyra Tønnesen» frå , den 7. mars 2024.

Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske sceneinstruktørar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Vinnarar av Heddaprisen