Solveig Øye () var ein norsk lærar som hadde fleire verv innan Norges Bygdekvinnelag. Ho var europapresident for den internasjonale bondekvinneorganisasjonen Associated Country Women of the World (ACWW) frå 1974 til 1980.
ACWW er den største organisasjonen for bondekvinner, og blei skipa i 1929. Noreg blei innmeldt i 1935. I 2023 har organisasjonen medlemmar i 82 land. Øye var formann i ACWW-nemnda i Norges Bondekvinnelag frå 1968 til 1974, og var dimed arrangør av ACWW sin verdskongress i Oslo i 1971. I 1982 mottok ho Norges Bondekvinnelag sitt gullmerke.
Bakgrunn, utdanning og yrkesliv Solveig Øye var dotter av landbrukslæraren Hans Severin Britannius Kaldhol frå Hareid på Sunnmøre og Malene Samoline (Lina) f. Osnes frå Nordfjordeid. Ho vaks opp på Gjermundnes landbruksskule.
Øye gjekk på Fylkesskulen på Vestnes og tok middelskuleeksamen der. Deretter tok ho examen artium på engelsklinja ved Latinskulen i Ålesund i 1932. Så gjekk ho husmorskulen på Linge i 1933.Juul Møller, Studentene fra 1932 : biografiske opplysninger, statistikk og artikler samlet til 25 års jubileet 1957
Øye gifta seg med landbruksskulelæraren Asbjørn Øye på Stranda juni 1934.
Etter at dei flytta til Stend jordbruksskule i 1950 tok ho ei førebuande prøve i filosofi ved Universitetet i Bergen. Ho tok toårig lærarskule i Bergen i 1965 og arbeidde deretter som lærar ved Kirkevoll skule.Bergens Tidende, 6. mars 2002, "Jubilant".
Bondekvinnelagsarbeid
Lokallag og fylkeslag På slutten av 1930-talet var Solveig Øye ein aktiv medlem av det nystarta Vike bondekvinnelag i Romsdal, der ektemannen var landbruksskulelærar.
Øye var formann i Søgne bondekvinnelag frå 1949 til 1950, då familien Øye flytta til Stend i Fana. I ettertid blei tida hennar i Søgne lokallag skildra slik: «Fru Øye var ei dugande formann, og laget hadde ei rik vokster. (---) Men ho vart verande i bygda så altfor stutt ei tid.» Etter flyttinga til Stend melde ho seg inn i Fana bondekvinnelag og fortsette engasjementet i organisasjonen der. I lokallaget i Fana var ho også leiar for ein brevring i over 20 år, og dei tok over 20 brevkurs. Ringen vann to landstevlingar.
Øye blei etter kvart styremedlem, sekretær og nestformann i Hordaland Bondekvinnelag.
Internasjonalt arbeid gjennom ACWW Øye var formann i ACWW-nemnda i Norges Bondekvinnelag i ti år. Ho møtte på ACWW sine verdskonferansar i Edinburgh, i Michigan, Oslo og Perth i Australia. Ho var formann i hovudkomiteen som var vertskap då ACWW sin verdskongress blei arrangert i Oslo i 1971, med dåverande kronprinsesse Sonja som høg vaktar av kongressen. Delegatar frå 65 land deltok. Kong Olav V var til stade, og statsminister Trygve Bratteli opna kongressen.
På ACWW sin verdskonferanse i Australia i 1974 blei Øye vald som områdepresident (Area Vice-President) for Europa. Ho blei attvald på verdskonferansen i Kenya i 1977, og sat i vervet fram til 1980. I sin periode som områdepresident arrangerte ho blant anna det nordiske seminaret om «Kvinnen i Afrika, og hva kan vi gjøre for henne?» på Voksenåsen i Oslo hausten 1975, som var SN sitt internasjonale kvinneår. På seminaret deltok representantar frå fem nordiske land. Som leiar for ACWW i Europa var Øye aktiv for å spreie kunnskap om hjelpearbeidet til ACWW, der «Redd synet»-aksjonen var eit av dei mest omfattande tiltaka.
ACWW har nær tilknyting til SN og har konsultativ status i ein del SN-organ. Øye var observatør i SN i New York på vegner av Norges Bondekvinnelag hausten 1976, etter at Norske Kvinners Nasjonalråd (NKN) hadde tilbydd henne, som representant for norske bondekvinner, og Kathrine Johnsen, som representant for norske samekvinner, å overta på deling av plassen til NKN i delegasjonen. Johnsen og Øye var til stade i New York i seks veker kvar. Det var under haustsesjonen i 1976 at hovudforsamlinga til SN vedtok å erklære 1979 som SN sitt internasjonale barneår. Etter dette blei Øye ein pådrivar for å rette merksemda mot Barneåret og kva dette året skulle brukast til. Norges Bondekvinnelag arrangerte blant anna eit landsomfattande seminar saman med NORAD i 1978, der stillinga til barn i i-land og u-land blei diskutert. Øye var ein av hovudtalarane på dette seminaret.
Utmerkingar 1982: Tildelt Norges Bondekvinnelag sitt gullmerke
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Solveig Øye» frå , den 8. mars 2024.
Kategori:Norske lærarar Kategori:Norges Bygdekvinnelag