Annette Vilhelmsen () er ein dansk politikar og tidlegare partileiar for Socialistisk Folkeparti. Ho var medlem av Folketinget frå 2011 til 2015, og var vald inn frå Fyns Storkreds. miniatyr|venstre|Annette Vilhelmsen (t.v.) saman med statsminister Helle Thorning-Schmidt og Holger K. Nielsen 16. oktober 2012. Vilhelmsen blei vald til leiar av Socialistisk Folkeparti 13. oktober 2012, då ho tok over for Villy Søvndal.Johan Blem Larsen Og Thomas Søgaard Rohde (13. oktober 2012): Annette Vilhelmsen er ny formand for SF . JydskeVestkysten. Ho trekte seg 30. januar 2014 etter å ha mista støtta i partiet på grunn av statleg nedsal i Dong Energy, noko Vilhelmsen var for. Samstundes trekte ho partiet ut av regjeringa.Christian Venderby og Troels Beha Pedersen (30. januar 2014): SF forlader regeringen - Annette Vilhelmsen går af Børsen Simon Fancony og Ritzau (30. januar 2014): SF forlader regeringen, Vilhelmsen går af. Information.
Vilhelmsen var nærings- og vekstminister frå 16. oktober 2012 til 9. august 2013.Mikael Rømer (16. oktober 2012): Ole Sohn gav Vilhelmsen røde og gule kort. Danmarks radio Då tok ho over som sosial-, barne- og integrasjonsminister, ein post ho hadde fram til 3. februar 2014. Line Carlslund Rasmussen og Keyvan Bamdej (9. august 2013): Her er rokadens store vindere og tabere Berlingske Tidende.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Annette Vilhelmsen» frå , den 11. mars 2024.
Kategori:Danske pedagogar Kategori:Danske økonomi- og næringsministrar Kategori:Danske sosialministrar Kategori:Danske integreringsministrar Kategori:Socialistisk Folkeparti-ministrar Kategori:Folketingsmedlemmar frå Socialistisk Folkeparti Kategori:Danske partileiarar Kategori:Folk frå Svendborg