Silje Nes (fødd 25. november 1980 i Leikanger) er ein norsk musikar og lydkunstnar som bur i Bergen og Berlin. Ho har bakgrunn frå klassisk piano, blåseinstrument og slagverk, og på albumet sitt «Ames Room» frå 2008 spelte ho sjølv alle instrument.

Ho har gitt ut to album på britiske Fat Cat Records, og har også gitt ut eigen musikk på vinyl på eige selskap, Noko Ana.

Silje Nes arbeider også som grafisk designar og har mellom anna vunne pris for design av boka om kunstnaren Kjartan Slettemark - Kunsten å falle, publisert av Skald forlag. Kategori:Fødde i 1980 Kategori:Folk frå Leikanger Kategori:Norske pianistar Kategori:Fødde den 25. november

Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane