Ragnhild Lied () er ein norsk lærar, sakprosaforfattar og fagforeiningsleiar. Frå 1. januar 2013 til slutten av 2015 var ho leiar av Utdanningsforbundet etter å ha vore tillitsvald på heiltid sidan 2002.utdanningsforbundet.no Ragnhild Lied ny leiar 06.11.2012 Frå 2016 er ho leiar av Unio.utdanningsforbundet.no Ragnhild Lied valgt som ny leder av Unio 07.12.2015
Utdanning og karriere Lied tok hovudfag i idrettsfag i 1990 med ei oppgåve om arbeidssituasjonen for kroppsøvingslærarar i videregåande skuleRagnhild Lied Arbeidssituasjonen til kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule Hovedfagsoppgave - Norges idrettshøgskole, 1990 og med mellomfag i friluftsliv og grunnfag matematikk. Ho har undervist i realfag og idrettsfag ved Stranda videregåande skule. Ho er medforfattar av eit læreverk i kroppsøving, Gymnos som blei gjeve ut fyrste gong i 2003. Ho var frå 2001 til 2003 medlem av det såkalla Søgnenutvalet som forberedde skulereforma Kunnskapsløftet. Lied har hatt verv i Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY)udir.no Samarbeidsrådet for yrkesopplæring / medlemmer og Ungt Entreprenørskap.Ungt entreprenørskap / Styret Ho sit i styringsgruppa for Kunnskap i skolen (KiS) ved Universitetet i Oslo.uio.no Styringsgruppe, Kunnskap i Skolen I perioden 2010–2012 har ho vore styremedlem i organisasjonen European Trade Union Committee For Education (ETUCE) som representerer lærarfagforbund i EU-systemet.EI Pan-European Committee / ETUCE Executive Board 2010-12 Ho blei tillitsvald i 2002, nestleiar i Utdanningsforbundet i 2010 og vald til leiar i november 2012. Ho etterfølgde Mimi Bjerkestrand 1. januar 2013.Her er den nye lederen – barnehage.no
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Astrid Krag» frå , den 12. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske fagforeiningsleiarar Kategori:Norske lektorar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Utdanningsforbundet Kategori:Unio Kategori:Folk frå Stranda