Berit Tversland () er ei norsk hofftenestekvinne. Ho var kabinettsekretær ved Det kongelege hoffet frå 2000 til 2012. Tversland er kjend som ein av dei næraste medarbeidarane til kongefamilien gjennom fleire år.

Virke ved hoffet I 1977 blei Tversland tilsett ved Det kongelige hoffet. I tolv år var ho guvernante for prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon. Etter dette blei Tversland assisterande kabinettsekretær. I 1990 blei ho sekretær for prinsesse Märtha Louise, seinare fylte ho same funksjon for kronprins Haakon før ho blei privatsekretær for kong Harald. Frå 2000 var Tversland kabinettsekretær.«Berit Tversland utnevnt til kabinettssekretær», VG Nett, 31. mai 2000. Tversland leia kabinettssekretariatet Det kongelige hoff og har også vore fungerande hoffsjef. I 2012 gjekk ho av med pensjon.

Tversland har gått ved Forsvarets høgskole og har vore leiar i Oslo bispedømmeråd.

Utmerkingar I 2005 utnemnde Kong Harald Tversland til kommandør av St. Olavs Orden «for fortjenstfullt virke i H.M. Kongens tjeneste», som i 2012 blei forfremja til storkross. I 2005 mottok ho Kongehusets 100-årsmedalje. Tversland har mottatt 1. klasse av den estiske Terra Mariana-krossens orden og 3. klasse av Den kvite stjernas orden, storkross av Republikken Italias fortenestesorden,Dettaglio decorato, Italias presidentkontor. storkross av den portugisiske Infante Dom Henriks orden, storkross av Spanias sivile fortenestesorden, storriddarkross av Den islandske falkeordenen,Fálkaorðuhafar, Islands presidentkotor. 3. klasse (kommandørkross) av Storfyrst Gediminas av Litauens ordenApdovanotų asmenų duomenų bazė , Litauens presidentkontor. og kommandørkross av Republikken Polens fortenestesorden.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berit Tversland» frå , den 20. mars 2024.

Kategori:Personar tilknytta Det kongelige hoffet Kategori:Storkross av St. Olavs Orden Kategori:Den islandske falkeordenen Kategori:Den kvite stjernas orden Kategori:Terra Mariana-krossens orden Kategori:Republikken Italias fortenestesorden Kategori:Republikken Polens fortenestesorden Kategori:Storfyrst Gediminas av Litauens orden Kategori:Infante Dom Henriks orden