Guro Katharina Helwig Vikør () er ein norsk diplomat. Ho har vore norsk ambassadør til Bulgaria og Slovenia.
Karriere I 1979 byrja Vikør på Utanriksdepartementets aspirantkurs. Ho blei byråsjef i 1993 og underdirektør i 1999. I 1999 blei Vikør utnemnd til generalkonsul i Miami i USA.Offisielt fra statsråd, 9. april 1999. Ho arbeidde deretter med kvinne- og likestillingsspørsmål som seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet.
Vikør blei utnemnd til ambassadør i Slovenia i 2008.Offisielt frå statsrådet 23. mai 2008. I 2012 blei ho utnemnd til ambassadør i Bulgaria.Offisielt fra statsråd 1. juni 2012, regjeringen.no, besøkt 23. juni 2012.
Utmerkingar I 2009 forfremja Kong Harald Vikør til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsfortjeneste.»Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Guro Katharina Vikør» frå , den 22. mars 2024.
Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske ambassadørar Kategori:Norske ambassadørar til Bulgaria Kategori:Norske ambassadørar til Slovenia Kategori:Den Kongelege Norske Fortenesteorden Kategori:Folk frå Ulvik