Gråkval (Eschrichtius robustus) er ein bardekval og den einaste arten i slekta Eschrichtius som er monotypisk i gråkvalfamilien (Eschrichtiidae). Nyare forsking indikerer likevel at sørleg vågekval truleg er nærare i slekt med gråkval enn andre finnkvalar, noko som reiser spørsmål om inndelinga. Gråkvalen er blitt særleg kjend for den komplekse songen sin, kalla kvalsong.
Skildring Gråkvalen er flekkete mørkt grå til lysare grå i fargen. På huda veks gjerne mange andeskjel og kvallus. Arten har ikkje regulær ryggfinne, men har ein serie med puklar langs den bakre tredelen av ryggrada. Kvalen har to djupe furer på halsen, som gjer at han kan opna kjeften maksimalt når han beitar på byttedyr. Gråkvalen bruker dei kvite bardane sine til å filtrera mat frå havbotnen. Han er den einaste kvalarten som finn primærføda si i sediment på havbotnen. Som alle bardekvalar har han to blåsehol, som sit på toppen av bakhovudet/øvst i nakkeregionen.
Hoene er generelt noko større enn hannane. Dei blir gjerne 12,8–15,2 meter lange og kan vega opp mot 31–34 metriske tonn når dei er drektige. Hannane blir gjerne 11,9–14,3 meter lange og veg gjerne rundt 16 tonn.
Utbreiing og habitat høgre|mini|Gråkval i Laguna Ojo de Liebre i Baja California Sur i Mexico
Det finst to populasjonar av gråkval; austleg gråkval og vestleg gråkval, som begge er endemiske for det nordlege Stillehavet. Gråkvalen finst typisk i kystnære farvatn, med ei maksimaldjupne på rundt 100 meter. Austleg gråkval held til langs vestkysten av Nord-Amerika, frå Baja California i sør til Beringsundet i nord. Vestleg gråkval finst langs austkysten av Nordvest-Asia, frå kysten av Sør-Korea i sør til Okhotskhavet i nord.
Tidlegare fanst det også ein stamme av gråkval i Atlanterhavet. Det er ikkje nøyaktig kjent kva tid han blei utrydda, men det kan ha skjedd tidleg på 1700-talet, og kom sannsynlegvis av kvalfangst.
I nyare tid har det vore fleire tvilsame rapportar frå Atlanterhavet. 9. mai 2010 blei det derimot gjort ein sikker observasjon i det austre Middelhavet, utanfor kysten av Israel. Den same kvalen blei sett utanfor Barcelona i Spania 30. mai 2010. I 2013 blei det sett ein gråkval utanfor kysten av Namibia, den fyrste observasjonen på den sørlege halvkula. Desse kvalane kan ha sumt gjennom Nordvestpassasjen, som no er enklare å passera på grunn av klimaendringar.
Åtferd Gråkvalen er kjend for dei lange migreringane sine (opp mot 20 000 km eller meir tur/retur) mellom vinterbeite og parings- og kalveplassane sommarstid. Han er også kjend for kvalsongen sin, som er den mest komplekse blant alle kvalartar.
Gråkvalen filtrerer mat frå sedimenta på havbotnen, gjennom å leggja seg på sida og gulpa i seg mudderet, som så blir filtrert gjennom bardane når kvalen stig til overflata. Dei byggjer opp feittreservane i vinterhalvåret (i nord) og lever av desse i paringstida og kalvinga ( i sør).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gråhval» frå , den 24. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kvalar