Patrick Roest () er ein nederlandsk skeiserennar som vart verdsmeister i firkamp åra 2018, 2019 og 2020.

Aktiv I mars 2017 vart Roest andremann i Skeise-VM på Hamar, sigeren gjekk til landsmannen Sven Kramer. Året etter vann Roest sølvmedaljen på 1500 m og ein bronsemedalje i lagtempo under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Tre veker seinare vart han verdsmeister i firkamp på heimebane i Amsterdam. Ved europameisterskapen 2019 kom han på andreplass, like bak Sven Kramer. Under verdsmeisterskapen på enkeltdistansar i Inzell fekk han sølv både på 5 000 og 10 000 m. I mars 2019 vart han verdsmeister i Calgary, etter at norske Sverre Lunde Pedersen fall på 10 000 meter. Vinteren 2020 i Heerenveen tok Roest bronse på 1500 m og gull i lagtempo og 5 000 m i EM på enkeltdistansar. Sidan i sesongen vart han på Hamar verdsmeister i firkamp for tredje året i rad. 2021-sesongen vann han bronse på 1500 m, sølv på 5 000 m, og gull i lagtempo ved VM i enkeltdistansar i Heerenveen. Under Vinter-OL 2022 i Beijing vann han sølvmedaljane på 5 000 m og på 10 000 meter. Han vart andremann også i verdsmeisterskapen på Hamar. I alle desse tre tevlingane måtte han sjå seg slått av svenske Nils van der Poel. Vinteren 2023 vart Roest europameister på Hamar, og han vann gull på 5 000 m og i lagtempo ved VM i enkeltdistansar i Heerenveen. Vinteren 2024 gjekk han i mål til gullmedalje på 5 000 meter både i enkeltdistanse-EM og enkeltdistanse-VM. I verdsmeisterskapen i firkamp enda han som sist på andreplassen.

Roest har sidan mars 2019 stått øvst på den såkalla Adelskalenderen. Pr 31. mars 2024 med poengsummen på 144,056.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Patrick Roest» frå , den 27. mars 2024.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i skeisesport Kategori:Europameistrar i skeisesport Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland