Marina Vladimirovna Ovsiannikova () er ein russisk tv-produsent som arbeidde ved den leiande russiske tv-kanalen . 14. mars 2022 gjennomførte ho ei aktivisthandling i samband med den russiske invasjonen av Ukraina, ei handling som blei spreidd via sosiale medium, blant anna gjennom Aleksej Navalnyj.

Biografi Ovsiannikova blei fødd i Odessa i i Sovjetunionen. Mor hennar er russisk, og faren hennar er ukrainsk. Ovsiannikova har eksamen frå og frå det russiske akademiet for nasjonal økonomi og offentleg teneste. Ho arbeidde for TV-produksjonsselskapet , i kanalen .

Protest Den 14. mars 2022 gjennomførte Ovsiannikova ei aktivisthandling under tv-programmet Vremja. Under sendinga, som handla om den russiske invasjonen av Ukraina i 2022, dukka ho opp bak nyheitsankeret Jekaterina Andrejeva med ein plakat med denne teksten:

NO WAR Остановите войну не верьте пропаганде здесь вам врут RUSSIANS AGAINST WAR

som kan omsetjast til norsk

Ingen krig Stopp krigen Ikkje tru på propagandaen Her blir dere loge til Russarar mot krig

Etter nokre sekund blei sendinga stoppa. Ovsiannikova blei arrestert, skulda for å ha «baktalt Russlands væpna styrkar». Den innspelte sendinga er ikkje tilgjengeleg for nedlasting, noko som er uvanleg for denne tv-kanalen. Kanalen starta ei intern gransking av hendinga.

Førehandsinnspelt bodskap Ovsiannikova publiserte også ein førhandsinnspelt video på Telegram:Patrick Reevell, ABC News, 14. mars 2022 ("I'm ashamed I allowed lies to be spoken from the TV screen. Now ten generations of our descendants won't wash off the disgrace of this fratricidal war. We're Russian people, thinking, intelligent. It's only in our power to stop this insanity,")

Både aksjonen og den forklarande videoen blei spreidde på sosiale medium som Telegram og Twitter etter hendinga. Videoen blei blant anna nemd av talspersonane til Aleksej Navalnyj.

Reaksjonar Ovsiannikova blei arrestert av russisk politi etter ny lovgjeving og sensur forbunde med det den russiske staten krev skal omtalast som ein «militær spesialoperasjon» i Ukraina.Russia outlaws spreading ‘fake news’ about the Russian military with fines and prison Poynter. Accessed 15 March 2022

15. mars takka den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj Ovsiannikova i ein av dei kringkasta talane sine.Zelenskyj med beskjed til russiske soldater: − Jeg vet at du vil leve (tr."Zelensky with a message to Russian soldiers: - I know you want to live ") Verdens Gang. Accessed 15 March 2022 Etter hendinga blei videoklipp spreidd gjennom sosiale medium, inkludert Facebook og Twitter, og nådde fram til nyheitsnettverk som CNN, BBC, NRK, TV 2, VG, Aftenposten, Dagbladet og mange fleire.

Etterspel Ovsiannikova blei arrestert og tatt til Ostankino politistasjon i Moskva.

, ein av redaktørane ved den uavhengige nyheitstenesta Meduza, posta seinare på dagen 15. mars eit bilete som viste Ovsiannikova saman med Anton Gasjinskij, ein menneskerettsadvokat, i ein rettssal.«Russisk journalist skal være avbildet i retten», Verdens Gang, 15. mars 2022 Ovsiannikova blei skulda for å organisere ei «uautorisert offentleg hending» og blei dømd til å betale ei bot på 30 000 rublar (rundt 2500 kroner).«Russian court fines woman for anti-war protest on state TV», Reuters, 15. mars 2022

Ovsiannikova gjennomgjekk eit 14 timar langt forhøyr.«– Ekstremt bekymret for sikkerheten min», TV2, 17. mars 2022

Det blei sett i gang etterforsking rundt skuldingar om at Ovsiannikova skulle ha spreidd «falsk informasjon» om det russiske militæret.«The Badass Russian TV Producer Who Crashed a Newscast Is Free—For Now», Vice.com, 15. mars 2022 Etter ei russisk lov frå 4. mars 2022 kunne ho bli rettsforfølgd for å kalle den russiske invasjonen av Ukraina ein «krig» i staden for regjeringa sin eufemisme «militær spesialoperasjon», og bli dømd til opptil 15 års fengsel. Her måtte ei rettssak i så fall til for at ho skal kunne bli idømd straff.«Marina Ovsyannikova: Russian journalist in court after TV protest, BBC, 15. mars 2022»

Ovsiannikova blei tilboden politisk asyl i Frankrike, men ønskte ikkje å forlate Russland.«Russia TV protester quits channel, turns down asylum offer», 17. mars 2022

11. april 2022 blei det annonsert at Ovsiannikova fekk ei stilling som frilans-korrespondent ved den tyske nyheitskanalen WELT der ho skulle skrive for avisa og bidra ved TV-produksjonar, blant anna frå Russland og Ukraina.«Russian journalist who protested Ukraine war on-air is named correspondent for German news station», CBS News, 11. april 2022

Den 25. mai 2022 mottok Ovsiannikova , utdelt under konferansen i Noreg. Til NRK kunne ho fortelje at ho trudde dei færraste i russisk TV trudde på propagandaen dei presenterte. «Dei jobbar berre for å få løn og medisinsk forsikring», meinte ho.

I oktober 2022 forlet Ovsiannikova Russland saman med dottera si, etter å ha blitt sett på Russland si liste over ettersøkte personar. Årsaka til det var at ho hadde brote vilkåra for husarresten ho sat i mens ho venta på å bli stilt for retten.

I oktober 2023 blei Ovsiannikova dømd til 8,5 års fengsel in absentia for å spreie falsk informasjon om krigen i Ukraina. Dette var for ein aksjon ho gjorde juli 2022, da ho stilte seg opp i nærleiken av Kreml med ein plakat der det stod «Putin er ein mordar. Soldatane hans er fascistar». Denne aksjonen la ho ut på sosiale medium. I tillegg til soninga, blei ho også utestengd frå å administrere nettstader som spreia informasjon.Russisk redaktør dømt til over åtte års fengsel, NRK, 4. oktober 2023»

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marina Ovsiannikova» frå , den 28. mars 2024.

Kategori:TV-produsentar Kategori:Russiske journalistar Kategori:Folk frå den russisk-ukrainske krigen Kategori:Folk frå Odessa