Karl I den djerve (også omsett som «den dristige; fransk Charles le Téméraire; nederlandsk Karel de Stoute ), døypt Charles Martin, var hertug av Burgund frå 1467 til 1477.Baker, Ernest, red. (1951): Cassall's New French Dictionary, 5. utg., Funk & Wagnalls Company. s. 362. Han var den siste hertugen av Burgund frå huset Valois. Han var son av Filip III av Burgund og Isabella av Portugal. Han blei etterfølgd av det einaste barnet sitt, Maria av Burgund.
Den tidlege døden hans i slaget ved Nancy ved sveitsiske leigesoldatar som kjempa for René II, hertug av Lorraine, fekk store konsekvensar for europeisk historie. Landområda til Burgund, som lenge var blitt kilt inn mellom dei framveksande stormaktene Frankrike og Habsburgriket, blei delte, men den nøyaktige fordelinga av det store og ueinsarta territoriale innehavingane som var involverte var lenge eit stridsemne blant dei europeiske maktene.
Namn Krønikeskrivarar i Burgund skildra personlegdommen til hertugen som alvorleg, streng og rettskaffen, men utan medynk, fromheit og kyskleik, og med ei forbitra kjensle a ære. Av samtidige blei han mellom anna kalla le Hardi eller der Kühne, «den dristige» eller «modige», eller le Guerrier, «krigaren», eller le Terrible, «den forferdelege». En tittel avledet fra hans grusomme oppførsel mot sine fiender, og i særdeleshet fra en krig mot Frankrike i slutten av 1471. Frustrert over at franskmennene nektet å gå i åpen kamp, og rasende over franske angrep mot hans ubeskyttede grenser i Hainault og Flandern, marsjerte Karl sin hær tilbake fra Ile-de-France og til burgundisk område, brente mer enn 2000 byer og landsbyer på sin vei. Jf. Taylor, Aline S. (2002): Isabel of Burgundy, Tempus Publishing Ltd, s. 212–213
Epitetet som blei tilnamnet hans i historia, le Téméraire, «den djerve» eller til og med «den dumdristige», opptrer allereie hjå Thomas Basin, ein historikar og biskop av Lisieux, som skreiv ein gong rundt 1484. Likevel blei desse tilnamna nytta på 1400-talet som kvalifikasjonar for karakteren hans, men ikkje på noko systematisk vis; hertugen var kjend som og blei omtalt som Charles de Bourgogne, det vil seia Karl av Burgund.Le Cam, Anne (1992): Charles le Téméraire, un homme et son rêve, éditions In Fine, s. 11, 87. Prosessen med epitetet le Téméraire var gradvis. På 1600-talet omtalte Grand Dictionnaire Historique til Louis Moreri han som «Charles de Bourgogne, surnommé le Guerrier, le Hardi ou le Téméraire». På 1700-talet omtalte Dom Plancher han framleis som Charles le Hardi. På 1800-talet var tilnamnet le Téméraire blitt standard i franske og belgiske skrifter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karl I av Burgund» frå , den 31. mars 2024.
Kategori:Ordenen av det gylne skinnet Kategori:Folk frå Dijon