Leszek Robert Blanik () er ein polsk tidlegare turnar som vart verdsmeister 2007, europameister 2008 og olympisk meister 2008 i spesialøvinga hopp. Han vart dermed den fyrste polske turnaren som vann OL-gull. Eit element i hopp-øvinga er kalla opp etter han.
Blanik tok bronse i hopp under Sommar-OL i Sydney. Sju år seinare vann han same øvinga ved Turn-VM 2007 i Stuttgart, i mellomtida hadde han sikra seg to VM-sølv og ein EM-bronse, også det i hopp. År 2008 vann han gullmedaljen i hopp ved europameisterskapen i Lausanne i mai, og i dei olympiske sommarleikane i Beijing i august.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Leszek Blanik» frå , den 5. april 2024.
Kategori:Polske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Europameistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Polen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2008