«Everybody» (‘alle saman’) er ein estisk popsong som vann Eurovision Song Contest 2001 for Estland. Songen blei framført av duoen Tanel Padar og Dave Benton, og i tillegg hadde dei med seg hiphop-gruppa 2XL. Songen er komponert av Ivar Must, mens Maian-Anna Kärmas har skrive teksten. Songen tok ein overraskande siger i Eurovision Song Contest, men fekk liten kommersiell suksess etter finalen. Songen kom ikkje inn på norske VG-lista, og dette var fyrste gongen på fem år at ein Eurovision-vinnar ikkje nådde singellista i Noreg.

Eurovision Song Contest «Everybody» var eit av åtte bidrag som deltok i den estiske finalen i Tallinn 3. februar 2001, og ein internasjonal ekspertjury kåra songen til vinnar med 77 poeng. «Everybody» blei dimed det estiske bidraget til Eurovision Song Contest i København laurdag 12. mai same år.

I den internasjonale finalen var «Everybody» det på scena av . I avrøystinga tok songen ei overraskande leiing med Danmark, Frankrike og Hellas like bak. Songen fekk 12 poeng frå heile ni land og vann til slutt med . Norske tv-sjåarar gav til songen. Dette var den fyrste, og per 2023 einaste, sigeren til Estland i Eurovision Song Contest. Det var også fyrste gongen at eit land frå den tidlegare austblokka vant tevlinga. Det var også fyrste gongen ein farga artist vann Eurovision Song Contest; Dave Benton er opphavleg frå Aruba.

Listeplasseringar Liste (2001) Høgasteplassering Vekerpå lista Debutdato (Single Top 100)64416. juni 2001 (Sverigetopplistan)1277. juni 2001 (GfK Entertainment Charts)99118. juni 2001

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Everybody (sang)» frå , den 8. april 2024.

Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2001-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar