Greymouth (uttalt ; maori Mawhera) er den største byen i West Coast-regionen på Sørøya på New Zealand, og administrasjonsstad for Grey District Council. Folketalet i heile Grey District er 14.250, som står for 43 % av innbyggjarane i West Coast. Greymouth byområdet hadde ein anslått folkesetnad på 8 340 i 2023. Ein stor del av distriktet, 65 %, er del av eit verneområde eigd og administrert av Department of Conservation. Dette gjer Greymouth til eit naturleg senter for fotturistar. Byen er også endestasjon for jernbaneruta TranzAlpine.
Plassering alt=|venstre|mini|Aoraki/Mount Cook og andre fjell frå stranda ved Greymouth. Byen ligg ved munningen av Grey River, på ei smal kystslette nær foten av Sør-Alpane. I klart vêr kan ein sjå Aoraki/Mount Cook i sør klart frå staden. Munningen av elva delar byen opp i tre område: Blaketown, nær elvemunningen på sørbreidda; Karoro i søraust, skild frå Blaketown av ei rekkje små elvelagunar og Cobden, som tidlegare var ein eigen by, på nordbreidda av elva.
Historie Maorigruppa Ngāi Tahu kom til Te Tai Poutini (Vestkysten) på byrjinga av 1800-talet. Under Tūhuru Kōkare, ein stor krigar, overvann ho Ngāti Wairangi i ei rad slag om kontroll over kystområdet, som var ei av dei viktigaste kjeldene til den høgt prisa grønsteinen (pounamu), som er nesten like hard som stål. Ngāi Tahu i Poutini bygde festningar, pā, ved Māwhera (Greymouth), Ōkārito og Mahitahi (Bruce Bay), og hadde landsbyar eller hagar andre stadar, som Inangahua, Taramakau, Mahinapua, Pouerua, Okuru og Arawhata (Jackson Bay). Namnet Māwhera (som tyder 'brei elvemunning', er framleis eit anna namn for Grey River.
Dei første europearane som kom til området som no er Greymouth var Thomas Brunner og Charles Heaphy i 1846. Brunner og Heaphy hadde fått i oppdrag av Nelson Land Company å undersøka landet sør for Buller-elva og å rapportera om ressursane og potensialet som eit området for framtidig busetnad. Dei la ut frå Nelson den 17. mars 1846 saman med ein maori som heitte Kehu, som tidlegare hadde vitja Vestkysten og som hadde gått med på å vera guiden deira. Brunner oppdaga kol i Grey Valley, og fleire stadar i regionen (som byen Brunner og Brunnersjøen) har namn etter han. Brunner sjølv namngav Grey River etter sir George Grey, guvernøren av New Zealand.
Greymouth blei skipa som følgje av gullrushet på vestkysten av New Zeland på 1860-talet. 22. juli 1864 blei «Nelson» det fyrste dampskipet som sigla opp Grey River. Ombord i skipet var Matthew Batty og Reuben Waite, i lag med rundt 70 skjerparar. Reuben Waite opna den første butikken i Greymouth ved breidda av Grey River på hjørnet av det som no er Waite Street og Mawhera Quay. Matthew Batty blei den fyrste europeiske kolgruvearbeidaren på Grey River. Han hadde oversyn over ei gruppe maoriar som grov Brunner Seam ved breidda av Grey River.
John Rochfort utførte den fyrste landmålinga av staden i 1865. Greymouth blei utropt som burough den 16. juli 1868, og 26. august 1868 blei det halde val. Den 16. september 1868 heldt det nye byrådet sitt fyrste møte, og valde Edward Masters til den fyrste borgameisteren av Greymouth.
Kjende bygningar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Greymouth» frå , den 11. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:West Coast på New Zealand