Jevgeni Ossinovski () er ein estisk politikar, som frå 14. april 2024 er borgarmeister i Tallinn. Han representerer .
Liv og virke Ossinovski er tospråkleg estisk og russisk, og han har som politikar ønskt å dempe etniske spenningar i Estland. Han er son av den russiskfødde forretningsmannen Oleg Ossinovski, som er estisk statsborgar og ein av dei rikaste personane i landet. Mora, Irina, er halvt russisk og estisk.
Ossinovski har bachelorgrad i filosofi frå Universitetet i Tartu, mastergrad i filosofi frå og mastergrad i statsvitskap frå London School of Economics. Han mottok æresutmerkingar (laud) for begge masteroppgåvene sine.
I 2011 blei Ossinovski vald inn i den estiske riksdagen, Riigikogu, frå Ida-Viru fylke. I 2013 blei han også vald inn i bystyret i Narva.
Ossinovski var utdannings- og forskingsminister frå 2014 til 2015 og arbeids- og helseminister frå 2015 til 2018. Han var også leiar for Det sosialdemokratiske partiet frå 2015 til 2019.
Ossinovski blei vald inn i bystyret i Tallinn i 2017, og i 2022 blei han friteken frå vervet i Riigikogu for å ivaretake dei kommunalpolitiske oppgåvene sine. I 2024 støtta sosialdemokratane eit mistillitsvotum mot borgarmeister Mihhail Kõlvart, som følgje av ei korrupsjonssak, og Ossinovski blei vald til ny borgarmeister.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jevgeni Ossinovski» frå , den 16. april 2024.
Kategori:Estiske politikarar Kategori:Estiske ministrar Kategori:Estiske statsvitar Kategori:Estiske arbeidsministrar Kategori:Estiske forskingsministrar Kategori:Estiske helseministrar Kategori:Estiske utdanningsministrar Kategori:Borgarmeistrar i Tallinn Kategori:Folk frå Ida-Viru maakond