Kari Økland (), fødd Hartun, er ein norsk agronom, gardbrukar, lærar og politikar frå Bergen. Ho representerte Nordland fylke og Kristeleg Folkeparti på Stortinget 1997–2001.
Økland utdanna seg 1975-80 i hagebruk ved Norges Landbrukshøgskole og er cand.agric. Etter eit år som lærar ved landbruksskule, var ho heradsagronom 1982-86 i Hemnes. Etter den tid gardbrukar i Hemnes og lærar 1991-97 ved Bleikvassli skole.
Økland var 1984-87 medlem i skulestyret og 1987-1995 i kommunestyret i Hemnes. Valperioden 1991-95 var ho i tillegg medlem i formannskapet, arbeidsmiljøutvalet og forhandlingsutvalet i Hemnes. År 1997 vart ho vald til landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti og om hausten til stortingsrepresentant for Nordland fylke. På Stortinget var ho i fireårsperioden medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Kristeleg Folkeparti fekk berre eitt mandat i Nordland ved stortingsvalet 2001. Økland vart då vararepresentant perioden 2001-05, møtte i til saman fire veker.
2003-07 var Økland styremedlem for Høgskolen i Bodø og frå 2005 medlem i riksvalstyret. Ho fekk i 2004 jobb som prosjektleiar for Trusopplærings-prosjektet i Hemnes prestegjeld.
Kjelder stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Hemnes