Bent Andrés Hegna () er ein norsk arbeidar, byråkrat og politikar frå Porsgrunn. Han representerte Telemark og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1993-2001.

Hegna var platearbeidar 1976-80 ved Porsgrunn mek. Verksted og frå 1980 ved Elkem AS. Frå 1991 til 1993 var han medlem i Porsgrunn bystyre. Hausten 1993 vart han vald inn på stortinget, som den tredje og siste for Arbeidarpartiet, attvald for ein ny fireårsperiode i 1997. Alle åtte åra på Tinget var han medlem i Energi- og miljøkomiteen. Sidan var han tilsett i det som vart heitande NAV.

Kjelder Stortinget i navn og tall: høsten 1993 - våren 1997.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Norske arbeidarar Kategori:Folk frå Porsgrunn