«Play» (norsk omsetjing ’spel‘) er ein song frå 2016 med Jüri Pootsmann. Songen vann den estiske songtevlinga og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.
Om songen «Play» er skriven av Fred Krieger, Vallo Kikas og , som saman med representerte Estland i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Goodbye to Yesterday».
«Play» var eitt av 24 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2016, arrangert av kringkastaren Eesti Rahvusringhääling (ERR). «Play» kvalifiserte seg frå semifinalen 20. februar og vann seinare finalen 5. mars 2016 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren blei «Play» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.
Eurovision Song Contest I januar 2016 blei Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige tysdag 10. mai, og Estland hadde startnummer 13. «Play» enda sist i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 14. mai.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Play (Jüri Pootsmann-sang)» frå , den 28. april 2024.
Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar