«This Time» (norsk 'denne gongen') er ein song frå 2015 med Monika Linkytė og . Songen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2015 i Wien.
Om sangen «This Time» er skriven av Vytautas Bikus og Monika Liubinaitė. Songen blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkastaren Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka. Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 21. februar 2015. Der vann han og blei dimed det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2015.
Eurovision Song Contest I januar 2015 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen ble arrangert i i Austerrike torsdag 11. mai, og Litauen hadde startnummer 1. «This Time» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai. I finalen blei songen nummer 18 av 27 bidrag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «This Time (Monika Linkytė og Vaidas Baumila-sang)» frå , den 29. april 2024.
Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2015-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar