Eliteserien i handball 1976/77 for karar var den øvste avdelinga i seriesystemet for karar, arrangert av Norges Håndballforbund.

Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla tida frå 12. september 1976 til 6. februar 1977. Ni av dei tolv laga høyrde heime i Stor-Oslo, alle dei åtte best plasserte var frå dette området.

Refstad Idrettslag frå Oslo vart seriemeister for andre gong. Laget bestod av ei rad spelarar med til dels mykje landslagserfaring: Harald Tyrdal, Per Otto Furuseth, Sven Tore Jacobsen, Rune Sterner, Ulf Magnussen, Terje Halén og målvakta Morgan Juul.

Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 Refstad IL 22 443-297 40 2 Oppsal IF 22 421-300 38 3 Nordstrand IF 22 426-350 33 4 Fjellhammer IL 22 392-312 32 5 Bækkelaget SK 22 429-399 26 6 Fredensborg 22 385-381 26 7 Kolbotn IL 22 386-408 17 8 SK Njård 22 348-408 14 9 IF Sturla 22 382-439 12 10 SK Rapp 22 326-408 10 11 Elverum IL 22 320-438 10 12 SK Arild 22 330-440 6

Kjelder Sportsboken 77-78. Dreyerbok Stavanger. 1977.

Kategori:Sport i Noreg i 1977 Kategori:Handball i Noreg