Erik (Eero) Nikolai Järnefelt () var ein finsk kunstmålar og kunstakademiprofessor. Han er i dag mest kjend for dei naturalistiske folkelivsmåleria sine, portrett og landskapsmåleri frå Koli nasjonalpark.

Järnefelt var fødd i Vyborg som det tredje barnet til general Alexander Järnefelt og baronesse Elisabeth Järnefelt (fødd Clodt von Jürgensburg). Fleire av dei åtte søskena hans blei også kjende: Kasper (litteraturkritikar), Arvid (dommar og skribent), Armas (komponist og dirigent) og Aino (kona til Jean Sibelius).

Han studerte i Helsingfors frå 1874 til 1878 og deretter Det russiske kunstakademiet i St. Petersburg frå 1883 til 1886, der onkelen hans Mikhail Clodt var ein av lærarane. Frå 1886 til 1888 var han elev av Tony Robert-Fleury ved Académie Julian. Ei av inspirasjonskjeldene til Järnefelt var den naturalistiske kunsten til Jules Bastien-Lepage.

I 1889 gifta han seg med skodespelaren Saimi Swan. I 1892 hadde han si fyrste reise til Koli-området i nordlege Karelen saman med ekteparet Juhani Aho og Venny Soldan-Brofeldt. Han gjennomførte fleire reiser til dette området fram til 1936 Han reiste også til Italia i 1894 og Krimhalvøya i 1899. I 1901 fekk han oppført ein villa han gav namnet «Suviranta», teikna av arkitekt Usko Nyström, nær Tusby-sjøen. Han budde her til 1917, då han flytta til Helsingfors. Frå 1902 til 1928 underviste han ved Helsingfors-universitetet. Han blei utnemnd til professor i 1912 og var også ei stund leiar av det finske kunstakademiet.

Kjende kunstverk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eero Järnefelt» frå , den 9. mai 2024.

Litteratur

Leena Lindqvist (red.), Taiteilijan tiellä – Eero Järnefelt 1863 – 1937, Otava, 2002 ISBN 951-1-144-66-9 Marko Toppi (red.), Eero ja Saimi Järnefeltin kirjeenvaihtoa ja päiväkirjamerkintöjä 1889-1914 (brev og dagbøker bind 1), SKS, 2009 ISBN 978-952-222-113-1 Marko Toppi (red.), Vain tosi on pysyväistä. Eero ja Saimi Järnefeltin kirjeenvaihtoa ja päiväkirjamerkintöjä 1915-1944 (brev og dagbøker 2), SKS, 2013 ISBN 978-952-222-399-9.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Finske kunstnarar Kategori:Folk frå Vyborg Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet