Heddal Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Heddal i Telemark. Laget vart stifta 23. november 1917 som I.L Heddal . Det endra namn til Heddal Idrettslag i 1947. Heddal IL er aktivt med i fotball, ski og skiskyting, i tillegg til padeltennis.
Heddal-laga spelar i knallraude drakter og svarte bukser.
Frå 1962 hadde Heddal IL ei bordtennisgruppe som i 2009 braut ut og danna sitt eige lag.
Åra 1975, 2006 og 2015 arrangerte Heddal IL delar av noregsmeisterskapen på ski.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Idrettslag i Telemark Kategori:Notodden kommune