mini|Våpenskjoldet til kardinal Richelieu. Armand-Jean du Plessis de Richelieu () var ein fransk statsmann og kjend som «den raude eminensen». Han var kardinal frå 1622 og hertug av Richelieu og Fronsac frå 1631.
Liv Richelieu var fødd i ein adeleg familie i Paris. Han slo inn på den kyrkjelege bana, og blei utnemnd til biskop av Luçon i 1606. I 1622 blei han utnemnd til kardinal. Gjennom Maria av Medici sin innverknad blei han hovudminister for Ludvig XIII og frå 1624, ei stilling som han heldt fram til han døydde i 1642.
Målet hans var det eineveldige monarkiet. Uten nåde knuste han opposisjon frå adelen og nedkjempa hugenottane. Utanrikspolitisk prøvde han skapa ei leiarstilling for Frankrike i Europa gjennom å bryta Habsburg-makta. Derfor gav han støtte til den svenske kungen Gustav II Adolf og dei protestantiske fyrstane i Tyskland, og trekte inn Frankrike i trettiårskrigen i 1635.
Richelieu si omorganisering av embetsverket og konsentrasjonen av makta til sentraladministrasjon danna grunnlaget for den franske stordomstida på 1600-talet, og blei normgjevande for styret til Ludvig XIV og kardinal Mazarin. På grunn av stadig aukande skattebører, som framfor alt ramma borgarar og bønder, lukkast han likevel aldri med å vinna støtte frå det breie folket.
Richelieu hadde ein privat garde av livvakter som omgav han og verna han, til og med i det kongelege slottet. Palasset hans – Palais-Cardinal, det seinare Palais-Royal – var meir briljant, meir kunstnarisk utsmykka og meir fylt av statsmenn, offiserar, supplikantar, kunstnarar og forfattarar enn Louvre, der kongen heldt til. Kardinalen var motvillig til at ein vende seg direkte til kongen i staden for til han med nokon som helst spurnad. Han hadde ei årleg inntekt på 3 millionar livre.
Ambisjonen hans var at fransk skulle erstatta latin som det generelle språket i den siviliserte verda. For å reinska opp språket grunnla han i 1635 Det franske akademiet, som fekk som oppdrag å utvikla og nøyaktig bestemma språkforma og dessutan kommunisera grunnlaga for retorikk og poetikk.
Richelieu er gravlagd i Sorbonnekapellet; gravmonumentet hans blei utført av François Girardon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Armand-Jean du Plessis de Richelieu» frå , den 19. mai 2024. oppgav desse kjeldene: Kardinal Richelieu (The Cardinals of the Holy Roman Church)
Kategori:Folk frå trettiårskrigen Kategori:Franske utanriksministrar Kategori:Franske hertugar Kategori:Franske kardinalar Kategori:Folk frå Paris Kategori:Franskmenn frå 1500-talet Kategori:Franskmenn frå 1600-talet