mini|Nils Petter Molvær vann i 2000 og 2005 mini|Odd Nordstoga vann i 2002 og 2004

Spellemannprisen er ei prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerkt seg positivt det føregåande året. Utdelinga vart etablert på initiativ frå det norske IFPI (internasjonal organisasjon for platebransjen). Prisen vart delt ut fyrste gong i 1973 for plateåret 1972, og har vore delt ut kvart år sidan. Utdelinga blir skipa av Spellemannskomiteen som er vald ut av IFPI Noreg og FONO.

Prisane blir delt ut for 17 ulike klassar etter sjangrar, tre prisar til årets opphavsmenn («årets samtidskomponist», «populærkomponist» og «tekstforfattar») og fire prisar til tillegsklassar («Årets spellemann», «nykomar», «hit» og «musikkvideo»). Dessutan tek komiteen stilling til om det skal delast ut heiderspris og bransjepris. For kvar av klassane vert det nemnt ut ein fagjury der samansetninga blir heldt skjult for dei og for folk utanfor. Fagjuryane vedtek kven av dei påmeldte artistane og platene som skal bli nominert i dei ulike klassane med å tildele dei poeng. Til vanleg blir det nominert tre stykke i kvar klasse. Fagjuryen røystar så fram ein vinnar som får ein bronsestatuett og diplom.

Ein eigen fagjury nominerer opp til ti videoar til årets musikkvideo mens Spellemannkomiteen sjølv nominerer artistar til kategoriane «årets hit» og «årets nykomar». Vinnar av «årets hit» og «årets musikkvideo» blir kåra av publikum, som får røyste, mens komiteen sjølv kårar vinnaren av «årets nykomar». Spellemannkomiteen kårar også «Årets spellemann», der det ikkje blir kunngjort nokon nominasjon på førehand.

Klassar og prisar Noverande sjangerklassar Under utdelinga av 1972-prisen, vart det delt ut pris i sju sjangerklassar og tre heiders- / bransjeprisar. Sidan då har det vore ein del endringar i kva prisar som blir delt ut, namn på dei og kva innhald som er i dei ulike klassane. Dei to einaste klassane som har vore heilt uforandra gjennom historia, er «barneplate» og «open klasse». Desse to prisane har begge vore ute av prisutdelinga to gongar kvar. Alle klassane frå den fyrste utdelinga blir framleis delt ut i ein eller annan form.

Klassar som har vore med sidan fyrste utdeling (1972) Namn i dag Ikkje utdelt Andre namn på klassen Merknad Barneplate 1978, 1979 Open klasse 1990, 1994 To prisar i 1978 og 1979 Viser 1994, 1995 Visesong: 1972-1996 Viser og viserock: 1997-2000 Kvinnelege artist 1979-1993 Vokalist: 1975-1977 Popsolist: 1997-2002 Kvinneleg popsolist: 2003 Slått saman med mannleg artist i periodane 1975-1977 og 1997-2002 Mannlege artist 1979-1993 Vokalist: 1975-1977 Popsolist: 1997-2002 Mannleg popsolist: 2003 Slått saman med kvinneleg artist i periodane 1975-1977 og 1997-2002 Popgruppe 1978 Gruppe: 1972-1974 Popgruppe: 1975-1993 Gruppe: 1994-1996 Klassisk musikk 1991-93, 1995, 1996 Felles med samtidsmusikk fram til 1994 (2 prisar i 1975) Samtidsmusikk 1991-93, 1995, 1996 Felles med klassisk musikk fram til 1994 (2 prisar i 1975)Felles pris med elektronika i 2004

Klassar som har vorte oppretta etter fyrste utdeling Namn i dag Fyrste utdeling Ikkje utdelt Andre namn på klassen Merknad Jazz 1973 Folkemusikk/gammaldans 1973 Folkemusikk: 1997, 1998, 2001 Gammaldans slått saman med danseorkester i 1997 og 1998 Gammeldans ikkje utdelt i 2001 Rock 1976 1977, 1978, 1994 2 prisar i 1980 og 1981 Danseorkester 1996 Danserokester/gamaldans: 1997, 1998 Felles med danseorkester i 1997 og 1998 Hip-hop/RnB 1996 Dance/techno: 1996-1997 Dance: 1998-1999 Dance/hip-hop: 2000 Hip-hop: 2001-2004 Metal 1997 Hardrock: 1997-2000 Elektronika 2000 Elektronika/samtidsmusikk: 2004 Felles med samtidsmusikk i 2004 Blues 2001 Blues/country: 2003, 2004 Felles med country i 2003 og 2004 Country 2003 Blues/country: 2003, 2004 Felles med blues i 2003 og 2004 Kalla roots & country 1984-1993

Noverande tilleggsklassar og prisar til opphavsmenn I 1983 vart Årets spellemann innført som den fyrste tilleggsklassen. Etter det er det vorte innført tre tilleggsklassar. Frå Spellemannprisen 2007 vart prisen årets nykomar utvida til å innehalde eit arbeidsstipend på 200 000 kroner. Stipendet blir delt ut av vederlagsbyrået Gramo for å gje vinnaren «eit utgangspunkt for å arbeide vidare med musikken sin, slik at dei kan glede oss meir i framtida». I samarbeid med TONO vart det under Spellemannprisen 2008 innført tre klassar for opphavsmenn. I tillegg til tilleggs- og opphavsmennklassane kjem bransjeprisen og spesialprisen/heidersprisen som ikkje blir delt ut fast. Begge prisane vart delt ut ved fyrste utdeling og det er til no delt ut tretten bransjeprisar og 36 spesialprisar/heidersprisar.

Namn i dag Fyrste utdeling Ikkje utdelt Andre namn på klasse Årets spellemann 1983 Årets musikkvideo 1986 1987-1998 Videoprisen 1999, 2000 Årets nykomar 1989 1991, 1992 Årets hit 1994 Låt 1994-2003 Årets samtidskomponist 2008 Årets populærkomponist 2008 Årets tekstforfatter 2008

Utgådde klassar Nokre klassar har kome og gådd. Kortast levetid hadde klassen «korplate» som berre vart delt ut ein gong.

Namn Periode Ikkje utdelt Merknad Kor-plate 1979 Roots & country 1984-1993 1986 Blues/country og seinare country vart innført i 2003 Kammermusikk 1991-1996 1994 Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden Orkestermusikk 1992-1995 1994 Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden Orkester- og kormusikk 1991 Inga utdeling i klassisk musikk og samtidsmusikk i denne perioden Album 1994-1996 Artist 1997-2000 Underhalding 1989-1993 Tidenes norske hit 2001 I samband med 30 års jubileum

Mestvinnande artistar mini|Morten Harket har vunne tolv prisarmini|Madrugada har vunne fem prisar, her Sivert Høyem I dag står femten artistar som vinnar av fem eller fleire Spellemannprisar. To av dei som har vunne flest prisar, Leif Ove Andsnes og Oslo Filharmoniske Orkester med åtte prisar kvar, har aldri motteke meir enn ein pris same år. Nokre artistar har vunne fleire prisar både som soloartist og med band, til dømes Morten Harket som totalt har vore med å vinne heile tolv prisar, og Gustav Lorentzen som har vunne prisen for seks ulike plater, to av dei med Knutsen & Ludvigsen.

8 prisar Leif Ove Andsnes: 1991, 1992, 1993, 1998, 2000, 2002, 2003, 2005 Oslo Filharmoniske Orkester: 1972, 1981, 1984, 1987, 1990, 1992, 1998, 1999 (den fyrste som Filharmoniske Selskaps Orkester) a-ha: 1985 (2 stk), 1986 (3 stk), 2000 (2 stk), 2008

7 prisar Ole Ivars: 1996, 1999 (2 stk), 2000, 2003, 2004, 2005 Odd Børretzen: 1974, 1996 (2 stk), 1997, 2001, 2002, 2008

6 prisar Det Norske Kammerorkester: 1988 (2 stk), 1992, 1996, 1999, 2000

5 prisar Geirr Lystrup: 1981, 1988, 1992, 2003, 2005 Madrugada: 1999, 2002, 2005 (3 stk) Lene Marlin: 1998, 1999 (4 stk) Truls Mørk: 1991, 1992, 1993, 1995, 1999 Röyksopp: 2001 (2 stk), 2002 (2 stk), 2005 Vamp: 1993, 1996, 1998, 2005, 2006 DumDum Boys 1988, 1989, 1990, 1992, 2007 Madcon: 2004, 2007 (2 stk), 2008 (2 stk) Espen Lind: 1997 (3 stk), 2006, 2008

Etterkvart som det er vorte innført fleire tilleggsklassar, har det blitt mogleg å vinne meir enn ein pris same år. The Monroes var dei fyrste til å vinne to prisar same år under utdelinga i 1983. I nyare tid er det ikkje uvanleg at same artist vinn både tre og fire prisar.

Artistar som har vunne fire prisar same år Morten Harket (1995) Lene Marlin (1999) Briskeby (2000)

Artistar som har vunne tre prisar same år a-ha (1986) Anne Grete Preus (1994) Espen Lind (1997) Morten Abel (2001) Madrugada (2005)

Bakgrunnsstoff

Denne artikkelen bygger på «Spellemannprisen» frå , den 8. juni 2009.

Heimesida til Spellemannprisen Søk mellom vinnarar av Spellemannprisen

Kategori:Norsk musikk Kategori:Spellemannprisen Kategori:Norske kulturprisar Kategori:Skipingar i 1973