«Sand» er ein dansk poplåt frå 2024 med den danske artisten . Låten vann Dansk Melodi Grand Prix 2024 og var det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

Om songen «Sand» er skriven av Jonas Thander, og Pil Kalinka Nygaard Jeppesen. I intervju har Saba uttalt at songen er ein måte å uttrykkje kjensla av å miste kontrollen på, ved å bruke metaforen om sand som sklir og fell gjennom hendene på ein som ein metafor for songen.

«Sand» var eit av åtte bidrag som blei valde ut til å delta i den danske songkonkurransen Dansk Melodi Grand Prix 2024. Finalen blei arrangert laurdag 17. februar, og «Sand» avanserte til superfinalen. Der vant «Sand» konkurransen med totalt 37 prosent av røystene.

Som vinnar blei «Sand» det danske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Der deltok songen i den andre semifinalen torsdag 9. mai. Låten enda som nummer 12 av 16 bidrag med 36 poeng, og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai. Dette var fjerde året på rad at Danmark ikkje kvalifiserte seg til finalen.

Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering (Tracklisten) 36 () 77

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sand (Saba-sang)» frå , den 30. mai 2024.

Kategori:Danske songar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-songar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Dansk Melodi Grand Prix-songar