William Primrose () var ein britisk bratsjspelar og lærar fødd i Glasgow i Skottland. Han spelte med London String Quartet frå 1930 til 1935. Deretter blei han med i amerikanske NBC Symphony Orchestra, der han grunnla Primrose Quartet. Han spelte i fleire ulike land som solist gjennom karrieren. Han underviste også ved fleire universitet og institusjonar, og skreiv bøker om bratsjteknikk.
Primrose blei utnemnd til Commander of the Order of the British Empire (CBE) i 1952 for innsatsen sin for musikk.
Bøker
The Art and Practice of Scale Playing on the Viola (1954) Technique is Memory. A method for violin and viola players based on finger patterns, etc. (1960) Walk on the north side: Memoirs of a violist (1978)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Primrose» frå , og «William Primrose» frå den 2. juni 2024.
Kategori:Musikarar frå Glasgow Kategori:Britiske bratsjistar