Hanstad skole er ein barneskole som ligg i midten av Elverum kommune i Innlandet i Noreg. mini|Flyfoto av Hanstad, der hanstad barneskole står i bakrunnen. Skolen blei bygd i 1982, og står framleis med det originale bygget intakt. I nyare tid er det blitt bygga fleire små bygg, blant anna nybygget i 2017.
Hanstad skole har ein fotballbane, ein basketballbane, to gagaballbaner og ein skatepark som fører til eit godt sportsleg miljø.
Det er 80 tilsette og rundt 270 elevar i 2024.
Skolen heitte tidlegare Hanstad barne- og ungdomsskole. I 2023 blei ungdomskolen i Hanstad lagt ned, og ungdomstrinnet flytta til Elverum ungdomsskole. Skolen gjekk då frå rundt 400 elevar og 10 klassar til dei 7 barneskoletrinna han har i dag.
Kjelder
Kategori:Barneskular i Innlandet Kategori:Skular i Elverum