Runa Islam () er ein bangladeshisk-britisk biletkunstnar og filmskapar med base i London. Ho blei nominert til den prestisjetunge Turnerprisen i 2008. Ho er hovudsakleg kjend for filmverka sine.
Bakgrunn Islam var fødd i Dhaka i Pakistan (no Bangladesh) og flytta til London då ho var tre. Ho studerte ved Rijksakademie van Beeldende Kunsten i Amsterdam frå 1997 til 1998.
I 1999 stilte Islam ut på EASTinternational, vald ut av Peter Doig og Roy Arden. Ho fullførte ein M.Phil ved Royal College of Art i London i 2004.
Karriere Islam er inspirert av europeiske kunstnarar som filmskaparen Jean-Luc Godard.
I 2005 deltok ho i Venezia-biennalen. Islam sin 16mm-filminstallasjon Conditional Probability (2006) var resultatet av ei kunstnarrolle ved North Westminster Community School, det siste året før skulen stengde. Han blei fyrst stilt ut ved Serpentine Gallery. Dei andre kunstnarane som var med på prosjektet for å dokumentera livet ved skulen før han stengde var Christian Boltanski, Faisal Abdu'allah og arkitekten Yona Friedman.
I 2010 presenterte Museum of Contemporary Art, Sydney (MCA) den fyrste soloutstillinga til Runa Islam i Australia. Verk ved utstillinga inkluderte Magical Consciousness (2010), som var blitt tinga i fellesskap av MCA og Musée d'art contemporain de Montréal (MACM), og Scale (1/16 Inch = 1 Foot), som viser det no rivne parkeringshuset ved Trinity Square i Gateshead.
Museum of Modern Art heldt ei utstilling av verka til Islam i 2011, Project 95: Runa Islam, med filmar av Islam. San Francisco Museum of Modern Art hadde ei soloutstilling av verka hennar frå desember 2016 til april 2017, Runa Islam, Verso.
Prisar og nomineringar I 2008 blei Islam nominert til den britiske Turner-prisen for to soloutstillingar i Noreg og utstillinga ved Veneziabiennalen 2007. Dommarar sa om verka hennar at dei «manage to be at once analytical and emotionally-charged, formal and socially relevant.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Runa Islam» frå , den 6. juni 2024.
Kategori:Kunstnarar frå London Kategori:Folk frå Dhaka Kategori:Britar av bangladeshisk opphav