Martinus Bernardus Osendarp (), kjent som Tinus Osendarp, var ein nederlandsk friidrettsutøvar, politimann og krigsforbrytar. Han vann to gullmedaljar i sprintløp ved friidretts-EM 1938.

Virke Idrettsmann Osendarp sikra seg to bronsemedaljar ved EM i friidrett 1934 i Torino, fyrst på 200 meter og deretter i 4 x 100 meter stafett. Også frå Sommar-OL 1936 i Berlin reiste han heim med to bronsemedaljar. På 100-meteren møtte han sine overmenn i Jesse Owens og Ralph Metcalfe frå USA, på 200 meter sigra Owens framom landsmann Mack Robinson og Osendarp. Under EM i friidrett 1938 i Paris sprang Osendarp i mål som vinnar på så vel 100 m som 200 m. Hans personlege rekordar frå 1936-sesongen var på høvesvis 10,4 og 21,1 sekund.

Krigsforbrytar Politimannen Osendarp melde seg inn i Den nasjonalsosialistiske rørsla i Nederland etter at Nazi-Tyskland okkuperte landet i 1940. Han vart tilsett i «tryggingspolitiet» og tok del i deporteringa av jødar frå Nederland. Etter at den andre verdskrigen var over vart Osendarp dømt til tolv års fengsel for lovbrot i krigsåra. Han vart sett fri i 1953 og arbeidde som gruvearbeidar, til han frå 1958 fekk jobbe som idrettstrenar resten av sitt yrkesliv.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tinus Osendarp» frå , den 10. juni 2024.

World Athletics World Athletics

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske friidrettsutøvarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Nederland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936