Frans Wilhelm Pörhölä (), kjent som Ville Pörhölä, var finsk friidrettsutøvar. Han vart olympisk meister 1920 i kulestøyt og europameister 1934 i sleggjekast.

Pörhölä deltok i tre øvingar under Sommar-OL 1920 i Antwerpen. Han vart nummer åtte i diskoskasting og nummer ni i vektkasting, I kulestøyt støytte han 14,81 meter og vann tevlinga med ein margin på heile 75 cm til sølvvinnaren, landsmannen Elmer Niklander. Fire år seinare enda han på sjuandeplassen i kule-tevlinga ved Sommar-OL i Paris.

Etter nokre år utanfor idrettsbana, byrja Pörhölä i 1929 å trene sleggjekasting. I den øvinga vann han sølvmedaljen ved Sommar-OL 1932 i Los Angeles med eit kast på 52,27 meter, irske Patrick O'Callaghan kasta 53,92 m og tok gullmedaljen. Under den aller fyrste europameisterskapen i friidrett, i Torino i 1934, vann Pörhölä gull i sleggjekast med 50,34 m, italienaren Fernando Vandelli fekk sølv med sine 48,69 m.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ville Pörhölä» frå , den 12. juni 2024.

World Athletics

Kategori:Finske kulestøytarar Kategori:Finske sleggekastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1920 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1920 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1920 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1924 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1924 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1932 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936