mini|Frå ei framføring av Toves værelse, eit skodespel av Jakob Weis om forfattaren Tove Ditlevsen. Dansk litteratur omfattar litteratur skriven av danskar, i Danmark eller på dansk. Dei fyrste spora stammar frå runeinnskrifter frå jernalderen og vikingtida, men begynner for alvor i mellomalderen og nyare tid. Dansk litteratur omfattar forfattarar som Saxo Grammaticus, Søren Kierkegaard, H.C. Andersen, Henrik Pontoppidan og Karen Blixen. Sidan Danmark i ein del av historia si òg hadde overherredøme over Noreg, har dei to nasjonane mykje felles kultur og litteratur og deler derfor ein del forfattarar. Den best kjende av desse er Ludvig Holberg.

Mellomalderen mini|Sider frå Gesta Danorum som skildrar runesteinane i Jelling. mini|Side frå Obsidionis Rhodiae urbis descriptio, trykt i Odense i 1482, rekna som den fyrste trykte danske boka.

Dei eldste bevarte tekstane frå Danmark er runeinnskrifter på minnesteinar og andre objekt. Ein del av desse består av korte dikt i stavrim. Religionsskiftet til kristendommen betydde at Danmark kom i tettare kontakt med den europeiske lærdomstradisjonen då kyrkjefolk utdanna i latinsk skriftkunne kom til landet. På 1100-talet blei dei fyrste eigentlege danske litterære verka til, og kring 1200 blei hovudverket frå dansk mellomalder, Gesta Danorum (Føretaka til danane) om den heroiske fortida til Danmark skrive av Saxo på latin. Dette var ikkje berre ei krønike om gamle dagar, men òg ei samtidsaktuell politisk forteljing. Dei omfattande legendariske forteljingane om dei fyrste danske kongane hadde stor underhaldningseffekt, og bidrog til å skapa ei dansk sjølvforståing og utanlandsk respekt. Dette gjaldt ikkje berre i høgmellomalderen, men heilt opp i nyare tid. Boka blei fyrst trykt i Paris i 1514. Saxo har vore kjelde til soga om Hamlet, som blei hovudperson i det kjende verket til William Shakespeare. Men teksten til Saxo er òg ei viktig primærkjelde til studiet av skandinaviske mytar og legender i tillegg til å vera ei livleg attgjeving av dansk historie fram til forfattaren si eiga tid. Sjølv om Saxo truleg tilhøyrde kyrkja var verket hans verdsleg i natur, i motsetnad til erkebiskop Anders Sunesen (ca. 1167-1228) sitt verk Hexaëmeron. Med det konstruerte han ein teologisk skapingsdikt på latin, skrive på heksameter som framstilte dogme i den skolastiske teologien i 8 040 vers.

Ein viktig dansk sjanger frå mellomalderen er folkevisa, den danske utgåva av den felleseuropeiske balladesjangeren. Over 500 ulike songar har overlevd til dag, meir enn nokon anna europeisk land. Mange av dei blei skrivne ned i manuskript frå renessansen, andre frå 1700- og 1800-talet. Balladane blei gjennom heile mellomalderen og seinare overlevert munnleg, og var hovudsakleg episke dikt. Innhaldet var normalt riddarromansar og eventyr, men det kunne òg vera svært burleske songar. Alderen deira er framleis diskutert, men mellom 1200 og 1500 er den tidsperioden som er mest føreslått for dateringa av dei. Ein av grunnane til at så mange ballade blei bevarte i Danmark var at adelskvinner allereie på 1500-talet byrja å skriva ned dei hittil muntlege balladane. På grunnlag av desse gav presten og historikaren Anders Sørensen Vedel (1542-1616) boka Hundredvisebogen i 1591. Ho var då den fyrste av sitt slag i Nord-Europa. Vedel gav òg ut ei omsetting av Gesta Danorum til dansk mellom 1570 og 1575. I 1695 gav presten og språkforskaren Peder Syv (1631-1702) ut ei ny utgåve av Vedel si visesamling med ei utviding på hundre nye balladar, som han kalla Kjæmpevisebogen. Boka blei svært populær, ikkje berre i Danmark, men òg i Noreg og på Færøyane. Danske balladar blei òg omsette til tysk, blant anna av Johann Gottfried von Herder i 1778-1779. Her fann Johann Wolfgang Goethe inspirasjon til diktet sitt Der Erlkönig (1782)

Reformasjonen mini|Frå ei faksimilieutgåve av Christian III sin bibel frå 1550. På 1500-talet gjekk Danmark gjennom den lutherske reformasjonen, noko som også byrja ein ny periode i litteraturen. Viktige forfattarar frå denne tida er humanisten Christiern Pedersen (ca. 1480-1554), som omsette Det nye testamentet til dansk, og humanisten Poul Helgesen (1485-1534), som var ein kraftig motstandar mot reformasjonen. Han skreiv Skibbykrønika på latin, eit historisk verk der han særleg tok for seg si eiga samtid i ei sterkt polemisk form. På 1500-talet blei òg dei fyrste skodespela skrivne i Danmark, m.a. av Hieronimus Justesen Ranch (1539-1607). Frå handa hans kom Kong Salomons hyldning (oppført 1584), Samsons fengsel (oppført 1599), Karrig Niding (oppført 1633) og Fuglevisen (oppført 1876).Hieronymus Justesen Ranch's danske skuespil og fugleviseHieronymus Justesen Ranch – Værker

Fyrst på 1600-talet ved byrjinga av eineveldet byrja ein bevisst språkpolitikk då dei lærde institusjonane byrja å etablera eit regulært og einsretta skriftspråk. Presten Thomas Kingo (1634-1703) var den store salmediktaren i denne epoken. Han debuterte i bokform i 1655 med Seeby-Gaards-koe-klage (dikt), og frå 1665 gav han jamleg ut diktsamlingar og skreiv fleire salmar. Mange av dei blei som noko nytt skrivne til verdslege melodiar. Kingo si salmebok, med den offisielle tittelen Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog, blei autorisert av kongen i 1699 til bruk i alle kyrkjer i Danmark-Noreg. Med dei lidenskapelege salmane hans fekk songen eit nytt, sanseleg litterært uttrykk. 1600-talet var, med lærde som Ole Worm (1588-1654) i fyrste rekkje, òg ei tid for fornya interesse for skandinavisk oldtid, sjølv om religiøs dogmatisme framleis stod sterk. Eksterne stridar med Sverige og intern rivalisering blant den danske adelen, som førte til eineveldet i 1660, blei nedskrive frå ein perspektivet til ein kongeleg fange i Jammersminde. Dette er eit inderleg stykke prosa av Leonora Christina Ulfeldt (1621-1698), som sat fengsla i Blåtårn i nær 21 år. Verket blei fyrst gjeve ut i 1869.

«Far til dansk litteratur» mini|Illustrasjon til Nicolai Klimii iter subterraneum (Niels Klims underjordiske Rejse) av Ludvig Holberg.

Tradisjonelt har danske litteraturhistorikarar sett på Ludvig Holberg (1684-1754) som faren til dansk litteratur. Holberg, som var fødd i Bergen, hadde ein omfattande produksjon; han skreiv farsar, historiske og moralfilosofiske verk. Dansk dramatradisjon har opphavet sitt, og, kanskje òg høgdepunktet sitt, i dei 25 komediane som Holberg skreiv i eit veldig kreativt utbrot (Den poetiske raptusen) for Vesle Grønnegade Theatre (1722-1728), på ei tid då dansk scenekunst ellers var ny og ukjend. Nokre av verka hans blir framleis oppførte, m.a. Den politiske Kandestøber, Jeppe paa Bierget, Den Stundesløse og Erasmus Montanus.

Holberg var delvis inspirert av den franske komedieforfattaren Molière (1622-1673), dels av romaren Plautus (254 fvt.-184 fvt.) sine burleske komediar og dels av italiensk commedia dell'arte, det folkelege gateteateret han sjølv hadde sett i Roma. Opplysningstida sine tankar om sunn fornuft, som Holberg sidan gjorde seg til talsmann for i dei historiske og filosofiske verka sine, er derimot vanskelege å finna i teaterstykka hans, som i staden var forma av ein robust og barokk samtidshumor.

Romantikken mini|Karikatur av «Pennefejden» i 1813-19 mellom Jens Baggesen det Øhlenschlægerske parti. I tida mellom opplysingstida og romantikken gjorde Jens Baggesen (1764-1826) seg kjend. Det fyrste forsøket hans som diktar byrja med små komiske vers i stil med dei til norske Johan Herman Wessel (1742-1785). Hovudverket kom med Labyrinthen (1792-1793), ei halvbiografisk skildring av ei reise gjennom Europa, og som òg nærast er ein tidleg psykologisk roman. Nær ein tredel av forfattarskapen til Baggesen var skriven på tysk, og det store episke diktet hans Parthenaïs (1802-1803), som kom i fleire omsetjingar, blei ikkje gjeve ut på dansk før i 1965.

Steen Steensen Blicher (1782–1848) fekk gjennombrot som novelleforfattar då hans Samlede Noveller, bd. 1-4, kom ut i 1832 og 1834. Populariteten hans hjå lesarane gjorde ikkje inntrykk på meldarane, som generelt rekna produksjonen hans som mindre viktig. Fyrst langt seinare blei den «tragiske realismen» hans anerkjend.

Adam Oehlenschläger (1779-1850) sin forfattarskap har to hovudverk: Digte 1803 (som kom ut allereie i 1802), og Poetiske Skrifter I- II (1805), m.a. med diktet Aladdin. Eit av dei best kjende dikta hans er i den fyrste samlinga, og er «Guldhornene» (sjå Gallehus-horna). Oehlenschläger blir rekna som den fyrste store romantiske forfattaren i Danmark, og det mest berømte verket hans er den danske nasjonalsongen «Der er et yndigt land».

Oehlenschläger innleidde både romantikken og den såkalla danske gullalderen eller Københavnerskolen.... Københavnerskolen, som især har vundet indpas i udlandet, og som skal markere den betydning, København havde som kunstcentrum med et kunstakademi, der tiltrak en række tyske kunstnere som Caspar David Friedrich (1774-1840) og Philipp Otto Runge (1777-1810). fra Om guldalderen- en introduktion af Kasper Monrad. Dette viser til ein periode i dansk historie då kunst- og kulturlivet, særleg i København, nådde eit høgdepunkt. Perioden strekte seg frå kring 1800 til 1850. Byrjinga på gullalderen blir normalt sett til samanfallet av to hendingar: Oehlenschläger sitt dikt «Guldhornene» og naturfilosofen Heinrich Steffens (1773-1845), som var fødd i Stavanger, sin heimkomst etter danningsreisa si og foredraget hans om turen. Avslutninga på perioden blir vanlegvis sett til rundt 1848/50, då dei mest viktige namna anten var døde eller ikkje lenger var aktive.

mini|Illustrasjon til «Iisjomfruen» av H.C. Andersen. I ry og opplag kjem Oelenschläger, som elles var godt kjend i Europa, særleg i Tyskland, likevel ikkje i nærleiken av ryet til H.C. Andersen (1805-1875). Litteraturhistorisk er H.C. Andersen blitt karakterisert som den danske forfattaren som markerer overgangen frå romantikken til tidleg realisme. Utgangspunktet hans som diktar var ikkje lett; faren hans døydde medan han var og ung, og han fekk berre ei nødvendig utdanning i fattigskulen. Allereie på 1830- og 1840-talet fekk romanane og eventyr hans eit gjennombrot i mange land, fyrst i tysk omsetjing og sidan på engelsk. I 1859 blei han i ein fransk biografisk encyklopedi omtalt av Louis Gustave Vapereau som ein av dei mest originale poetane i europeisk litteratur på 1800-talet.

Trass i det øvrige forfattarskapen sin er det først og fremst eventyra sine Andersen blir huska for, og som er blitt omsett til meir enn hundre språk. Blant dei er «Kejserens nye klæder» (1837), «Den grimme ælling» (1843) og «Pigen med svovlstikkerne» (1848). I ettertida har eventyra gitt han ein redusert status som ein idealistisk forfattar for barn, men desse fabulerande forteljingane har fleire lag som ikkje nødvendigvis blir oppfatta på same måte av alle aldersgrupper, og fleire av dei vart ikkje ein gang skrive med barn for auget, noko H.C. Andersen sjølv la stor vekt på. Meir enn nokon annan dansk forfattar har H.C. Andersen fått ein nær ikonisk posisjon.

Thomasine Gyllembourg kan reknast som ein sein romantikkar eller ein tidleg realist gjennom å drøfta problem og skildra personar med psykologisk realisme i sine forteljingar som kom ut mellom 1827 og 1845.

Kierkegaard og Grundtvig