Sven Tore Jacobsen () er ein tidlegare næringslivsleiar, handballspelar og -trenar frå Oslo. Han var landslagssjef for Noregs kvinnelandslag i handball frå 1984 til 1993. Han leia landslaget til sølv- og bronsemedaljar i fire internasjonale meisterskap, så som sølv i Sommar-OL 1988 og Sommar-OL 1992. Javobsen vart tildelt Olavstatuetten i 1994.

Handballspelar Jacobsen spelte på Refstad IL sitt handballag frå 1971. Med laget frå Oslo vart han seriemeister tre gongar. I 1979 fekk han jobb og flytta til Trondheim, byrja spele på SK Rapp.

Trenar Etter å ha vore spelande Rapp-trenar ei tid, tok han sommaren 1981 trenarjobben i Sverresborg IF. Han leia kvinnelaget til triumf i noregsmeisterskapen 1982. Frå 1984 var han norsk landslagssjef på kvinnesida. To år seinare overraska landslaget med å vinne bronsemedaljen i Handball-EM 1986, fyrste gongen eit norsk handballag sikra seg ein internasjonale medalje. Åra framover etablerte det norske mannskapet seg i verdstoppen, sanka sølvmedaljar i to sommar-OL og bronse i Handball-VM 1993 på heimebane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sven Tore Jacobsen» frå , den 20. juni 2024.

handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske handballtrenarar