Zeven er ein administrasjonsby i Samtgemeinde Zeven med knapt 13 600 innbyggjarar (2013). Han ligg i den sentrale delen av Landkreis Rotenburg (Wümme), i den nordlege delen av den tyske delstaten Niedersachsen.

Geografi Kommunen ligg midt i trekanten mellom byane Bremerhaven, Bremen og Hamburg. Zeven ligg i landskapet Zevener Geest. Elva Mehde-Aue, som munnar ut i Oste kring to kilometer nord for byen, renn gjennom han. I tillegg til hovudbyen Zeven ligg òg landsbyane Aspe, Badenstedt, Bademühlen, Brauel, Brüttendorf, Oldendorf og Wistedt. venstre|mini|St. Viti Kirche, som er ein del av Kloster Zeven I byen ligg benediktinarklosteret Kloster Zeven, som blei bygt i 1141.

Nabokommunar Zeeven grensar til Seedorf i nord, Heeslingen i nordaust, Elsdorf i aust og søraust Gyhum i sør, Bülstedt i sørvest, Kirchtimke i vest og Ostereistedt i nordvest.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zeven» frå , den 24. juni 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Niedersachsen