Derzelas (Darzalas) var ein dakisk eller trakisk ktonisk gud for overflod og underverda som var knytt til helse og åndeleg vitalitet.
Darzalas var guden til Odessos (moderne Varna) under hellenismen, og blei ofte skildra på myntar frå 300-talet f.Kr. til 300-talet e.Kr. og framstilt i mange terrakottafigurar. Det er også funne ein sjeldan blyfigur av han frå 400-talet f.Kr. i byen.https://web.archive.org/web/20070720025014/http://www.varna-bg.com/museums/archaeology/pictures/musexibit/darsalas.jpg Darzalas blei ofte framstilt i klesdrakta himation, haldande på overflodshorn med altar ved sida si. Det var eit tempel vigd han med ein kultstatue i byen, og det blei halde leikar (darzaleia) til hans ære kvart femte år. Den romerske keisaren Gordian III kan ha vore til stades då dei blei haldne i år 238.
Eit anna tempel vigd Derzelas blei bygd i Histria, ein gresk koloni på kysten av Svartehavet i det tredje hundreåret f.Kr.
Darzalas Peak på Trinityhalvøya i Antarktis er kalla opp etter guden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Derzelas» frå , den 2. juli 2024.
Kategori:Historie i Varna Kategori:Trakiske gudar Kategori:Dakiske gudar Kategori:Helsegudar