Tamarind (Tamarindus indica) er ein plante i erteblomfamilien som opphavleg kjem frå Afrika og er vanleg der og i Sør- og Søraust-Asia. Han er den einaste arten i slekta. Namnet kjem frå arabiske tamr hindī, som tyder ‘indisk daddel’. Planten er eit høgt tre, og veden er svært hard og blir mellom anna nytta til stokkar til å gå med. Fruktbelgane og frøa blir nytta som føde. Fruktkjøtet er syrleg og inneheld 25 % sukker.
I tillegg til i India blir det dyrka større mengder tamarind i Thailand, Mexico og Costa Rica.
Utsjånad
Tamarind er eit opptil 30 meter høgt tre. Stammen kan ha ein diameter på 2,5 meter i brysthøgd. Nokre eksemplar utviklar frukter når dei er 200 år gamle. Modne frukter har ein kanelbrun farge. Eit modent tre produserer kvart år opptil 225 kg frukter.
Bruk Umodne tamarindbelgar blir etne som grønsak, fruktene er svært syrlege. Frøa er omgjevne av ein brun pastaliknande masse som blir teke vare på og blir selt i boksar eller pressa til kaker. Det harde skalet gjer ikkje frå seg fukt, og pastaen blir derfor hindra frå å tørka ut – frukt med skal på er derfor særs haldbar. Tamarind blir nytta i HP-saus og worcestershiresaus for den syrlege smaken sin, og er ofte del av asiatiske matskikkar.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tamarind» frå , den 8. juli 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Erteblomfamilien Kategori:Tropisk frukt Kategori:Kulturplantar frå Afrika