Steve Coppell, fullt namn Stephen James Coppell, () er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Liverpool. Han var ein kjapp høgreveng for Manchester United og det engelske landslaget.

Spelar Klubbspel Coppell vart overført frå Tranmere Rovers til Manchester United vinteren 1975. Nokså omgåande spelte han seg til fast plass i Manchester-laget. Åra 1976 til 1979 spelte han tre FA-cupfinalar for Manchester United, einast 1977-finalen mot Liverpool FC enda med triumf for Coppell. I oktober 1981 vart han i landskamp mot Ungarn alvorleg skadd i eit kne. Fram til dess spelte han 207 klubbkampar i rad, ingen annan ute-spelar i Manchester United har ei slik kamprekke. Trass i fleire inngrep, førte skaden til at han la opp i 1983. Han fekk med seg ligacupfinalen i mars 1983, men ikkje i FA-cupfinalen i mai.

Landslagsspel Coppell fekk sin landslagsdebut 16. november 1977 då England på heimebane slo Italia 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp. I 1980 var han med i to av Englands kampar under europameisterskapen, to år seinare spelte han alle Englands fire kampar i VM i fotball 1982. Hans 42. og siste landskamp fann stad på Wembley stadion 30. mars 1983, ein mållaus kvalifiseringskamp til neste års europameisterskap. Coppell skåra 7 mål for England.

Merittar Vinnar av FA-cupen: 1977 med Manchester United Finalist i FA-cupen: 1976 og 1979 med Manchester United Finalist i ligacupen: 1983 med Manchester United

Trenar Coppell var 1984-93 lagsjef i Crystal Palace FC og i tre kortare bolkar i tida 1995-2000. 2003-09 leia han Reading FC, ein klubb han tok til siger på nivå 2 i engelsk fotball og dermed spel i Premier League (toppserien).

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Steve Coppell» frå , den 15. juli 2024.

Kategori:Folk frå Liverpool Kategori:Manchester United-spelarar