miniatyr|Sapfisk prideflagg.

Sapfisme er ei samlenemning for kvinner som elskar kvinner. Det vil seia alle kvinner som blir tiltrekte av, eller er i forhold med, andre kvinner. Dette omfattar all romantisk og seksuell kjærleik mellom kvinner, uavhengig av den seksuelle orienteringa deira.

Nemninga omfattar hovudsakleg lesbiske og bifile kvinner, men inkluderer også aseksuelle og aromantiske kvinner som blir tiltrekte av andre kvinner, og dessutan panfile kvinner.

Etymologi miniatyr|Sapfo, måleri av Enrique Simonet.

Nemninga har vore i bruk sidan 1890-åra, etter funn seint på 1800-talet av nokon verk av Sapfo (ca. 600 fvt.), ein gresk kvinneleg poet som skreiv om kjærleiken mellom kvinner og sine eigne homoseksuelle lidenskapar. Sapfisk vart eit adjektiv for beskriva kvinner som følelsesmessig eller seksuelt føretrekte andre kvinner. Sapfo vart fødd på den greske øya Lésvos, nemningane «sapfisk» og «lesbisk» er avleidde av dette.

Verket til Sapfo er ein av dei få eldre omtalane av den typen kjærleik som sidan blir omtalt som sapfisk kjærleik. Sapfo sin poesi er eit uvanleg historisk døme på kvinneleg seksualitet skilt frå reproduksjon, men omhandlar kvinner som elskar andre kvinner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sapfisme» frå , den 28. juli 2024.

Kategori:LHBT Kategori:Kvinner