«L'oiseau et l'enfant» (norsk omsetjing ‘fuglen og barnet’) er ein franskspråkleg chansonballade som vann Eurovision Song Contest 1977 for Frankrike. Songen blei framført av og er komponert av Jean Paul Cara, med tekst av Joe Gracy. Songen fekk avgrensa kommersiell suksess etter sigeren og kom blant anna ikkje inn på VG-lista. Med unntak av 1970, då Noreg ikkje deltok, var dette fyrste gongen sidan 1966 at ein Eurovision-vinnar ikkje kom inn på den norske singellista. «L'oiseau et l'enfant» var den femte gongen Frankrike vann Eurovision Song Contest.
Eurovision Song Contest Marie Myriam var ein av 14 deltakarar i den franske uttakinga til Eurovision Song Contest, arrangert av den franske kringkastaren TF1. I finalen i Paris 6. mars gjekk Myriam og «L'oiseau et l'enfant» sigrande ut med over telefonrøyster. Songen blei dimed det franske bidraget til Eurovision Song Contest i London laurdag 7. mai.
I Eurovision Song Contest var Frankrike det 18. og siste landet på scena, og til slutt vann Frankrike etter ei jamn og spennande avrøysting. «L'oiseau et l'enfant» fekk , derav berre kom frå den norske jurygruppa, som hadde Irland som sin favoritt. Det franske bidraget fekk poeng frå alle dei andre landa, men den norske jurygruppa gav han den lågaste poengsummen.
Etter Eurovision Den franske sigeren var i stor grad uventa og overraskande, og i Norden fekk sangen mager suksess etter konkurransen. Den største suksessen dette året fekk det sveitsiske bidraget «». I Noreg låg «Swiss Lady» på VG-lista, mens «L'oiseau et l'enfant» ikkje tok seg inn på lista i det heile tatt.
«L'oiseau et l'enfant» selde derimot til gull i Frankrike og fekk nytt liv nesten 40 år seinare. Årsaka var at UNICEF i 2016 brukte songen på albumet Tout le bonheur du monde i samband med prosjektet Kids United. Songen dukka også opp på den franske singellista SNEP hausten 2016 og blei liggjande der januar 2017.
Myriam spelte dessutan inn «L'oiseau et l'enfant» på fem språk: fransk, engelsk (som «The Bird and the Child»), tysk («Der Vogel und das Mädchen»), spansk («El zagal y el ave azul») og Myriam sitt eige morsmål, portugisisk («A ave e a infância»).
Listeplasseringar «L'oiseau et l'enfant» med Marie Myriam: Liste Høgasteplassering Vekerpå lista Inntredenpå lista ()15415. juni 1977 , Flandern ()6821. mai 1977 ()1311. april 1977 ()23421. mai 1977 (UK Singles Chart)42428. mai 1977 ()2921. mai 1977 (Sverigetopplistan)573. juni 1977 ()1996. juni 1977
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «L'oiseau et l'enfant» frå , den 21. august 2024.
Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1977-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar