Line Alsaker () er ein prisløna norsk ballettdansar som var tilknytt Nasjonalballetten ved Den Norske Opera & Ballett frå 1992 til 2013.
Utdanning Alsaker er fødd i Oslo, og dansa som barn ved Kirkenærs ballettskule i Oslo. Seinare vart ho teken opp på Operaens ballettskule. Etter å ha fullført Fagerborg videregående skole studerte ho ved ballettakademiet Heinz-Bosl-Stiftung i München i Tyskland.
Karriere I 1992 vart ho engasjert ved Nasjonalballetten, der ho dansa i ensemblet sitt corps de ballet inntil ho vart forfremja til solist i 1997.
Som solist dansa Line Alsaker ei rad store klassiske hovudroller som til dømes Tatjana i Onegin (Dansekritikarprisen 1996/97), Odette/Odile i Svanesjøen og tittelrollene i Frøken Julie og Giselle. Ho dansa òg i moderne oppsetjingar av Jiri Kylian, Lightfoot & Leon og Kjersti Alveberg.
Alsaker pensjonerte seg som ballettdansar i 2013.
Prisar og utmerkingar
Esso-prisen 1996 Dansekritikarprisen 1997 for rolla som Tatjana i Onegin
Kjelder
Kategori:Norske ballettdansarar Kategori: Folk frå Oslo Kategori: Folk tilknytte Den Norske Opera & Ballett