Salorno sulla Strada del Vino (italiensk) eller Salurn (tysk) ligg ca. 30 km sør for Bolzano i den italienske regionen Trentino-Alto Adige og er den sørlegaste kommunen i Sør-Tirol. Salorno sulla Strada del Vino ligg ved sørenden av vinvegen i Sør-Tirol, og er ein stor vinprodusent. Delar av kommuearealet ligg i naturparken Trudner Horn.
venstre|mini|Castello di Salorno (tysk Haderburg)
Salorno sulla Strada del Vino ligg i Adige-dalen (Adige eller Etsch er den største elva i Sør-Tirol og den nest største i Italia), der denne har ei naturleg innsnevring (kalla Chiusa di Salorno eller Salurner Klause). Denne dalinnsnevringen mellom Favogna (Fennberg, 1468 moh.) på høgre og Monte di Salorno (Geiersberg, 1084 moh.) på venstre dalside utgjer sørgrensa for det samanhengande tyske språkområdet. Nabokommunen Roverè della Luna er derfor reint italienskspråkleg, medan Salorno lenge var hovudsakleg tyskspråkleg. Etter italieniseringspolitikken på 1900-talet er det no eit italiensktalande fleirtal i kommunen (62 % mot 38 % tysk i 2011).
Historie Staden har vore folkesett sidan romartida. Salorno sulla Strada del Vino er fyrst nemnt som Salurnis i år 580 då lombardane kjempa mot dei invaderande frankarane.
På ei kalksteinsklippe høgt over Adige-dalen ligg mellomalderborga Castello di Salorno. Borga blei fyrst nemnd i 1053.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Salorno sulla Strada del Vino» frå , den 30. august 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i provinsen Bolzano Kategori:11°E Kategori:46°N