mini|Brun ullkåpe med belte ved Oslo Museum. Kåpe (av norrønt kápa) er eit kne- eller fotsidt klesplagg som dekker overkroppen og er meint for utandørsbruk. Det blir vanlegvis nytta av kvinner, og tilsvarar frakk for menn.

Kåper kan vera av ei rekkje ulike materiale, som skinn, pels, ull, lin og bomull, eller kunststoff som viskose og polyester. Dei kan ha ulike lengder, frå lårlengd til å vera fotside, og har som regel lange erme. Kåper kan også ofte ha belte, krage og slag.

Badekåpe eller morgonkåpe er mindre formelle klede ein kan bruka i samband med avkleding eller bading.

Kåpe kan også visa til ei sid kappe brukt som vyrdnadsteikn av fyrstar og geistlege, som ei kroningskåpe eller ei bispekåpe.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Søk etter kåpe i digitaltmuseum.no

Kategori:Klede for overkroppen Kategori:Ytterklede Kategori:Ord frå norrønt Kategori:Kvinneklede