Upper River Region (tidlegare Upper River Division) er eit av seks forvaltingsområde i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen tilsvarar Local Government Area Basse.
Geografi Regionen på 2070 km², med det administrative senteret sitt i Basse Santa Su i distriktet Fulladu East, er vidare inndelt i fire distrikt. I 2013 hadde han eit estimert folketal på 202 153 innbyggjarar.Upper River Region ved bevoelkerungsstatistik.de Regionen er den austlegaste i landet, og grensar berre til Central River Region, i tillegg til riksgrensa til Senegal.
Distrikt Dei fire distrikta er Fulladu East, Kantora, Wuli og Sandu.
Busetnader Dei største busetnadane er:
Basse Santa Su, 11.859 Sabi, 9987 Gambissara, 9859 Garowol, 8272 Allunhari, 5784 Demba Kunda, 5156 Kularr, 4314 Diabugu, 4196 Koina, 4089 Numuyel, 3994
Folkesetnad Ifølgje ei undersøking frå 1993 (den dåverande folketeljinga) var den største folkegruppa mandinka, som utgjorde kring tre tidelar av folkesetnaden, følgd av fula- og så voloffolk. Fordelinga i detalj var: 33,4 % mandinkafolk, 23,9 % fulaniaar, 0,3 % voloffolk, 0,2 % jolafolk, 40,5 % serahulefolk, 0,2 % sererfolk, 0 % aku, 0,1 % manjago, 0,7 % bambara og 0,6 % andre folkeslag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Upper River Region» frå , den 2. september 2024.
Kategori:Regionar i Gambia