4. divisjon fotball 1968, avdeling Sunnmøre, vart avvikla i tida sundag 28. april til sundag 22. september med Sunnmøre Fotballkrins som arrangør. Avdelinga bestod av 8 lag. Vinnaren av avdelinga møtte vinnarane av 4. divisjon i krinsane Romsdal og Nordmøre til kampar om opprykk. Dei tre avdelingsvinnarane spelte alle ein kamp heime og ein kamp borte.
Poengtabell Plass Lag Kampar Målskår Poeng 1 Ørsta 14 48–4 27 2 Spjelkavik 14 23–16 19 3 Bergsøy 14 40–22 15 4 Sykkylven 14 29–26 15 5 SK Rollon 14 20–22 13 6 Stranda 14 19–22 12 7 Volda 14 13–35 7 8 Brattvåg 14 14–49 4
Ørsta Idrottslag sigra 3–1 heime over Søya frå Nordmøre og tapte 1–2 mot Gossen IL borte, men rykte opp til 3. divisjon 1969 saman med sistnemnde.
Kjelder Sunnmørsposten. 1968-årgangen.
Kategori:Fotball i Noreg 1968 Kategori:Idrett i Møre og Romsdal