Eirik Røthe () var ein norsk bonde og forfattar. Røthe var opptatt av å ta vare på språk og skikkar brukt i heimbygda Voss frå gamalt av.

Røthe arbeidde som bonde på (Vetla-) Røthe, på Dyrvedalen på Voss, fram til eldste sonen Knut Røthe tok over gardsdrifta på 70-talet. Det var fyrst då Eirik Røthe byrja å skriva og teikna for eigne eller andre sine bøker og publiseringar.

Røthe har blant anna gjeve ut boka Vossamål i Ord og Vendingar. Dette er ei samling av gamle uttrykk og ord brukt i vossamålet frå gamalt av. Arbeidet med denne starta lenge før utgjeving, men vart publisert som ei eige bok i 1994. Teikningane i boka er laga av Røthe sjølv.

Eirik Røthe var ein periode formann i Voss Bygdeboknemnd. Voss Bygdeboknemnd har saman med Voss Sogelag og Voss Museum gjeve ut årboka Gamalt frå Voss sidan 1969. Her skreiv Røthe artiklar åleina eller saman med andre som vart gjeve ut i regi av Bygdeboknemnda.På http://vossaslekt.org/gamaltfravoss.htm er det mogleg å søkja opp artiklane som Eirik Røthe skreiv for årboka "Gamalt frå Voss".

Utgjevingar/bidrag +BoktittelUndertittelÅrForfattarIllustrasjonar / TeikningarEirik Røthe på friarføterEirik Røthe: Gamle skikkar ved friing og brudlaup på Voss Borghild Dale: Jonsokbrudlaup eller barnebrudlaup1996Eirik Røthe -Vossamål i ord og vendingar -1994Eirik RøtheEirik RøtheArbeidet i bygdeneÅrsrytmen på Voss før landbruket vart mekanisert1980Johannes GjerdåkerEirik Røthe

Artiklar: +ArtikkelSideBoktittelÅrstallBrurekrunene på Vosss. 31-47Gamalt frå Voss1980Litt om skikkar og fordomar ved slakting av hest, hund og katt i eldre tiders.65-73Gamalt frå Voss1981Litt om mål, vekt og pengeverd før 1875s.60-68Gamalt frå Voss1984Emigrasjonen frå Voss til Amerika i eit nateskals.100-135Gamalt frå Voss1985Knute Nelsons.175-182Gamalt frå Voss1985Elling Eielsen Sundve 1804-1883s.192-197Gamalt frå Voss1985Ei solskinssoges.237-240Gamalt frå Voss1985Torvgarden i Vestbygdis. 136-139Gamalt fra Voss1986Glimt frå næringsliv, handel og handelsmenn i gamle dagars.137-144Gamalt frå Voss1987Flaumregulering i Vangsvatnet i 1860-åras. 145-150Gamalt frå Voss1987Lars Hæve 1885-1966 : treskjerar og spelemanns. 72-86Gamalt frå Voss1993

Familie Røthe var gift med Solveig Johanna Røthe (fødd Sognefest). Dei hadde borna Kirsti, Knut, Inga og Jon Røthe.

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Voss