Festdagsreduksjonen (heilagdagsreforma), som vart vedteken under regimet til Struensee, den 26. oktober 1770, førte med seg ei halvering av religiøse markeringar i Danmark og Noreg. Mange av heilagdagane som var fastsette i kong Kristian den femtes norske lov vart anten avskaffa heilt eller flytta til næraste søndag.Schous Forordninger V. Deel , 1777, s. 115. Forordning av 26. Oktober 1770.
Forordninga «Om nogle af de anordnede Fest og hellige Dages afskaffelse» vart publisert i kyrkjene.Kunngjøring i Dolstad kyrkje 1. søndag i faste 1771, ministerialbok for 1753–78 s. 331. Forordninga er norsk lov og teken med i norske lovsamlingar til og med 1965.
Dagar som vart avskaffa som fest- og heilagdagar Tredje juledag, 27. desember Heilage tre kongarsdag, 6. januar. Kyndelsmesse, 2. februar Tredje påskedag. Tredje pinsedag. Jonsokdag, 24. juni. Maria besøksdag, 2. juli. Mikkelsmesse, 29. september
Festdagar som vart flytta Maria Bodskapsdag, 25. mars vart lagt til femte søndag i fasta. Helgemesse, 1. november vart lagt til fyrste søndag i november.
Heilagdagar utanom søndagar som var att i Danmark og Noreg Fyrste juledag Andre juledag Nyårsdagen Skjærtorsdag Langfredag Andre påskedag Bededagen Helgetorsdag Andre pinsedag
Referansar
Kategori:Kristne høgtider Kategori:Reformer i Danmark Kategori:Reformer i Noreg Kategori:1700-talet i Danmark Kategori:1700-talet i Noreg Kategori:Kalenderreformer