Strawberry Switchblade var ein skotsk popduo skipa av Jill Bryson og Rose McDowall i Glasgow i 1981. Gruppa blei kjend for hitlåten «Since Yesterday», som nådde 5. plassen på UK Singles Chart i 1985. Ho var òg kjend for den fargerike visuelle framtoninga si, med sløyfer og polkadott-kjolar som stod i medviten kontrast til dei melankolske poplåtane deira.

Strawberry Switchblade gav ut sitt einaste album, med same namn som gruppa, i 1985. Ho fekk fleire hittar med «Let Her Go» og «Who Knows What Love Is?», men etter usemjer blei duoen oppløyst i 1986. Rose McDowall danna seinare ein ny duo kalla Sorrow.

Diskografi

Album

Strawberry Switchblade, 1985 The 12." Album (berre utgitt i Japan), 1995 The Platinum Collection, 2005

Singlar

Trees and Flowers, 1983 Since yesterday, 1984 Let Her Go, 1985 Who Knows What Love Is?, 1985 Jolene, 1985

EP

1982 4-Piece Demo, 2017

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Strawberry Switchblade» frå , den 8. september 2024.

Kategori:Britiske popgrupper Kategori:Skotske musikkgrupper Kategori:Nedleggingar i 1986 Kategori:Skipingar i 1981