miniatyr|Tredreiing på bogebenk i Gurajat, India Tredreiing, eller svarving, er eit handverk som går ut på å forme eit roterande emne (også kalla ) av tre ved avsponing på ein av forskjellig type, ved hjelp av ulike typar handhaldne eller fastmonterte eggverktøy. Handverkaren kan vere ein , ein , eller , eller ha eit anna primæryrke med vidare. Det ferdige produktet er som regel, men ikkje alltid, rundt.

Tredreiing er brukt til å lage alt frå bollar og skåler, hjulnav, rokkar og blokkar til møbeldelar og arkitektoniske detaljar. Dreiebenkane kan vere av forskjellige typar og av varierande storleikar. Dreiing kan gå føre seg ved diskontinuerleg rotasjon, der det berre skjer avsponing når emnet dreiar seg i ei retning, eller ved kontinuerleg rotasjon. Der dreiinga har etterlate seg spor, kan vi sjå om en gjenstand er dreid ved den eine eller andre metoden.Morris 2000 Tredreiing som metode er kjend i Euro-Asia og Nord-Afrika tilbake til eldre jarnalder, og frå tidlegmoderne tid i Afrika sør for Sahara og i Sør- og Nord-Amerika.

Diskontinuerleg rotasjon miniatyr|Den eldste kjende avbildinga av tredreiing. Gravkammeret til Petosiris, Tuna el-Gebel, Egypt, fyrste tredjedel av 300-talet fvt. miniatyr|Tredreiing på vippebenk, Frankrike ca. 1230. Dreiing ved diskontinuerleg rotasjon kan utførast på handdrivne bogebenkar og stroppebenkar, og på fotdrivne vippebenkar. Austasiatiske hand- eller fotdrivne drivaksel-stroppebenker (shaft-type strap-lathe) utgjer ein separat tradisjon.

Bogebenk Under dreiing på bogebenken skjer rotasjonen ved at ein dreg ei snor festa både rundt arbeidsstykket og til begge ender av ein pinne fram og tilbake.

Stroppebenk Stroppebenken, kjenneteikna ved at ein hjelpar dreg ei snor surra rundt arbeidsstykket fram og tilbake, finst avbilda i eit egyptisk hellenistisk gravkammer frå kort etter 332 fvt. Dette viser to menn som dreiar ein møbel-del medan ein tredje mann fullfører ein liknande del, truleg med ei tverrøks.Venit 2015: 24. Ei skildring av frå fyrste fjerdedel av 1100-talet skildrar eit tilsvarande oppsett.Hawthorne, John G. og Smith, Cyril Stanley (1979). Theophilus. On Divers Arts. Dover Publications. Dreiing på stroppebenk er demonstrert som tradisjonshandverk i Nord-Afrika inn i vår tid.

Vippebenk Dreiing på vippebenk – ein fotdriven svarvestol med fotbrett og ein fjærande stokk forbunden med eit snøre eller reim – kan først tilbake til 1200-talet. Den eldste kjende illustrasjonen er ein fransk illuminasjon frå 1200-talet. Blant europeiske land var typen i bruk i Noreg til inn på 1900-talet, på Irland var den siste dreiaren aktiv inn på 1960-åra og i Romania er han dokumentert på 1990-åra. Vippebenken har i løpet av den siste generasjonen fått ein renessanse. Arbeidsstykket roterer diskontinuerleg: Svarvaren set jarnet til emnet når han legg press på fotbrettet og når han slepp opp roterer det motsett veg. Emnet blei halde fast mellom faste jarnspisser festa i to vanger, der den eine var flyttbar. Om emnet var langt blei snøret slått eit par tre gongar rundt sjølve emnet, men kortare emne blei forbundne med ein spindel som snøret blei slått rundt.Norman 1961: 53

Kontinuerleg rotasjon I tidlegmoderne tid kom det benkar der hand- eller fotkraft blei omsett til ei sirkelrørsle via ein , eller ved at ein hjelpar sveiva eit svinghjul som var kobla til arbeidsstykket via belte. Vasskraft, og seinare andre kraftkjelder, var godt eigna når ein skulle utføre dreiing ved kontinuerleg rotasjon.

Noreg I Noreg har dreiarfaget vore eit beskytta handverksfag med moglegheit til å vere lærling, ta og deretter . I 1958 var det registrert 12 personar som hadde meisterbrev i dreiing og kunne kalla seg dreiarmeistrar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tredreiing» frå , den 16. september 2024.

Litteratur Ljungberg, Gert. Forme og dreie i norske treslag. Utg. Landbruksforl.. 1981. Flatum, Ivar. Tredreiing : noen praktiske råd om: verktøy, verktøybruk, muligheter, metoder. Utg. Univ.forl.. 1983. Stana, Lars. Norsk tredreiing. Utg. Allehånde. 1995. Rieber, Johannes. Tredreiing. Utg. Universitetsforl. 1999. Enget, Stein Arild. Tredreiing som hobby. Utg. Landbruksforl. 1999.

Kategori:Teknikk Kategori:Handverk Kategori:Kulturarv