mini|Hotel Bayerischer Hof der konferansen vert halden.

Den internasjonale tryggingskonferansen (MSC: Munich Security Conference; SiKo: Münchner Sicherheitskonferenz) er eit større arrangement som vert halde kvart år i den bayerske hovudstaden München, på Hotel Bayerischer Hof. Deltakarane på konferansen inkluderer statsleiarar, diplomatar, offiserar, tryggingsekspertar og offentlege personar frå heile verda.

På konferansen vert diskusjonar om aktuelle tryggleiks- og forsvarspolitiske tema tekne opp. Før kvar konferanse vert det gjeve ut ein rapport – Munich Security Report – som legg grunnlaget for diskusjonane under konferansen.

Konferansen vart grunnlagd i 1963 av Ewald-Heinrich von Kleist-Schmenzin. Han vert støtta av den tyske regjeringa, det tyske forsvar, München kommune og Europakommisjonen. I tillegg tek fleire private verksemder del i finansieringa av konferansen.

Sidan 2009 har ein delt ut Ewald von Kleist-prisen under konferansen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Den internasjonale sikkerhetskonferanse» frå , den 21. september 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Konferansar Kategori:München Kategori:Militærsosiologi Kategori:Tysk utanrikspolitkk